I dag snakkar vi om klimakrise og miljø. Havet er ferdsel åre, badeplass og matfat. Havet er langt meir!

Alle verdas skip sender all kloakk rett i havet. Om der er 1 person eller 5000 spelar inga rolle. Det skal til havet.

Rett nok seier IMO Marpol at dersom skipet er tyngre enn 200 DWT eller har fleire enn 10 personar om bord skal det nytte eit typegodkjent og sertifisert kloakkhandteringsanlegg. I praksis er dette å tilsette kjemikaliar som tar bort skadelege bakteriar.

Frå tid til anna ser eg av lesarinnlegg i aviser (Bergens Tidende) der befolkninga i t.d. innløpet/utløpet av Sognefjorden spør kva dei store grå felta rundt cruiseskipa er for noko? Dette er sjølvsagt kloakk med innblanda kjemikaliar. Kva med fiskeoppdrett som er i området og vår eiga mattryggleik?

I t.d. Arktis og Antarktis er cruiseskipa inne i isen i 2–3 dagar før dei må ut i havet å tømme septiktanken.

Parallelt med dette har vi ei anna krise som er mangel på fosfor. Alt som skal vokse og gro trenger fosfor. Fosforen som blir utvinne i dag er diverre kontaminert med tungmetall. Det beste me kan gjere for fosforen er å gjenbruka den. Ifølge NIBIO så kan dette skje ved t.d. kompostering.

Mange kystkommunar nyttar i dag sil system som fangar opp dei største partiklane av våre fekaliar. Resten av partiklar og skitvatten går rett i havet. Ikkje alle kommunar nyttar ein gang sil, men lar alt gå rett i havet.

Dette gjeld også såpevatn og mikroplast frå «vasstette» klede og sko.

Det er eit paradoks, men kloakk representerer verdiar, men handtert som skit er det skit. Handtert som gull og det er gull. Gull i den forstand at det øydelegg ikkje miljøet, men heller skaper miljø.

Fagorganet til norske kommunar er Norsk Vann på Hamar. Norsk Vann sin parole er at vi skal gjere avløpsvatn til et føretrekke gjødselprodukt.

Dersom vi tar all kloakken i heile Norge og nyttar den til t.d. kornproduksjon (lovleg og blir delvis gjort i dag. Ref. Gjødselvareforskriftene) så vil det dekke om lag 16 % av gjødselbehovet. Ref. Norsk Vann.

Skal vi tru at global oppvarming er menneskeskapt og skyldast bl.a. karbondioksid CO₂ så vil fotosyntesar lagre/forbruke denne gassen.

Kompost revitaliserer jorda og gir kraftigare vekst som igjen gir større fotosyntese. Fotosyntesar lagrar og forbrukar CO₂.

Artikkelforfattar: Rune Brandal Foto: Privat

Regjeringa laga sist sumar «Regjeringas handlingsplan for grøn skipsfart»

Fyrste setning/oppsummering er; «Ha ein ambisjon om å halvere klimagassutsleppa frå norsk innanriks sjøfart og fiske innan 2030». Kva betyr det? Betyr det å kunne tenke seg å gjere det eller betyr det å gjere det?

Erfaring fortel at dette er eit ynskje der det ikkje ligg føring/tiltak til rette dersom ein ser at målet ikkje vert nådd.

Ifølgje denne handlingsplanen så vil Mærsk ha ein karbon-nøytral flåte innan 2050. (referanse her til nemnde handlingsplan). Eg kjenner ikkje til eventuelle tiltak eller signal frå Norges Rederiforbund som belyser noko av dette.

Handlingsplanen er ambisiøs med redusert utslepp i hovudsak frå skipsmotorar. Den nemner ikkje korleis ein kan redusere mengda karbondioksid, CO₂. Faktum er at vi blir stadig fleire menneske. Dette vil medføre behov av meir mat og meir transport.

Havet

Havet er langt meir enn utover brukt som ferdselsåre og badeplass.

Havet skaper oksygen og mat, kontrollerer været og absorberer overflødig karbonutslepp, havet er vår allierte i jakt på ei berekraftig framtid. Havet er også eit økonomisk kraftverk som støtter heile næringar, genererer millionar av jobbar, og hjelper til med å drive den moderne globale økonomien.

Pandemiar

Vi må også tenke matsikkerheit. Mykje av maten som vi tar inn i dag er importert frå utlandet. I dag har vi ein pågåande covid-19 pandemi. Dette vanskeleggjer mangt. Også matproduksjon. Heldigvis har vi stor produksjon av fisk. Vi trenger også frukt og grønt.

Ved kriser tenker alle på seg sjølv. Også land me elles handlar med må varetake eigne innbyggarar. Dette vil kunne resultere i situasjonar som gjer at mat ute blir.

Utvikling av pandemiar gjer at me som nasjon og enkelt menneske må auke sjølvforsyningsgrada.

Resymé:

Gi havet respekt.

Havet er også deg, dine vener og naboar.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!