Men det er eit dårleg utgangspunkt om debatten baserer seg på feilinformasjon og ei mistenkeleggjering av kvarandre sine motiv. Senterpartiet forsøker å skape eit bilete av at domstolar skal leggast ned og at mange vil miste jobben. Det er ikkje tilfelle!

At sorenskrivaren i Volda har sterke synspunkt på organiseringa av domstolane er sjølvsagt heilt i orden. At vedkommande har eit anna syn enn regjeringa og fleire av sine kollegaer, er ein del av det opne ordskiftet. Det er likevel spesielt at sorenskrivaren vel ei partipolitisk tilnærming i debatten.

Riksrevisjonen peika på fleire forhold det er naudsynt å gjere noko med:

  • Dei store domstolane har ofte lange køar.

  • Dei små domstolane har mykje ledig kapasitet som ikkje vert brukt

  • Rekruttering kan vere utfordrande enkelte stader

  • Sakene handsamast ulikt mellom domstolane

For å møte desse utfordringane har regjeringa lagt fram eit forslag om å utvide rettskrinsane. For vår del betyr det at Møre og Romsdal vert ein rettskrins, og at rettsstadane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda skal vidareførast. Om vi kallar det rettsstad eller domstol er ikkje det viktigaste. Det som betyr noko er at fagmiljøa skal vidareførast og at folk framleis kan få sine saker handsama i sin lokale domstol.

Forbetringa ligg i at domstolane no kan fordele sakene mellom seg slik at ledig kapasitet blir betre utnytta, og at det blir meir aktivitet i kvar enkelt domstol. Dette vil naturlegvis og lette på sakshandsamingstida. Sidan presset ofte er størst ved dei største domstolane, vil dette bety fleire saker for distriktsdomstolane. At Senterpartiet fullstendig overser dette poenget er underleg.

Domstolane innanfor kvar rettskrins vil bli leia av ein sorenskrivar. I dag har kvar domstol sin sorenskrivar. Vi vil med dette forslaget få færre sorenskrivarar som driv med administrasjon og leiing, og fleire dommarar. Ingen av dagens sorenskrivarar skal miste jobben. Dei skal heller få frigjort kapasitet til dømmande verksemd. Det er og viktig å understreke at vi ikkje legg opp til nokon hovud-domstol i kvar rettskrins. Alle domstolar er likestilte, og sorenskrivaren skal vere til stades i alle domstolane i krinsen.

Domstolane har fått auka rammer gjennom budsjettet for 2021. Ei avklaring av strukturen vil legge eit langsiktig grunnlag for utviklinga av domstolane i Noreg, og ei utvikling av gode fagmiljø ved alle domstolane i Møre og Romsdal. Det gjeld både tingretten og jordskifteretten. Det vil styrke rettstryggleiken, gi betre kapasitetsutnytting og redusere ventetida.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!