I 2020 er derimot alt annleis. Ingen julekonsertar, julebord eller juleverkstader. Dei fleste julekonsertane og juleborda skjer via digitale plattformer, eller i svært små grupper – eller i kohortar som 2020 har lært oss at det heiter.

Studentane våre her ved NTNU i Ålesund har i tillegg til sosial distansering og digital undervisning, vore nøydde å gjennomføre mange eksamenar heimanfrå. Det er mykje kunnskap som skal testast. For det er det vi gjer med eksamen – lar studentane vise fram kva dei har lært. Og vurderingsformene er heile tida i endring for at studentane på best mogleg måte skal få vise kva dei har lært.

Berre ved NTNU i Ålesund har vi 3000 studentar som til saman går opp til nærare 8000 enkelteksamenar.

På ein skriftleg heimeeksamen kan forma vere ein tre timars eksamen der nokon av oppgåvene er fleirvalsalternativ, og oppgåvene skal løysast digitalt i eit spesielt program. Andre har munnlege eksamenar der ein brukar digitale kommunikasjonsplattformer, eller handteikningar og formlar som skal skannast eller fotograferast for innsending digitalt.

I andre tilfelle er det praktiske eksamenar i laboratoria der den eine sensoren er med via digitale plattformer. Støtteapparatet er stort både på det enkelte institutt, på IT-avdelinga og i studieadministrasjonen. Samarbeidet er tett mellom dei tre campusbyane til NTNU – Trondheim, Gjøvik og Ålesund.

Vi må ærleg innrømme at vi har vore svært spente og ikkje minst bekymra på våre studentars vegne for korleis dette annleis-året ville påverke eksamensperioden og ikkje minst resultata frå eksamen. Dette er noko vi vil evaluere nærare over nyttår.

No vil vi først og fremst rose studentane våre som har vist ein enorm vilje og evne til å omstille seg og gjere jobben sin. Vi vil vidare rette ein stor honnør til våre tilsette og støtteapparatet som har vist endringsvilje, og evne til problemløysing og godt samarbeid i denne annleis-tida.

I tida med uvisse er det kort tid mellom avgjersle som vert tatt sentralt, og praktisk iverksetting av det som er avgjort. No ser vi òg kor bra det er å vere ein del av eit større system der det er fleire kloke hovud som løyser utfordringane i lag. Det sikrar at alle studentane ved NTNU vert handsama på same måte.

I denne annleis-tida er det viktig at det vert lagt til rette for studentane på dei måtane vi kan til ein kvar tid. Støtteapparat fagleg, teknisk, sosialt og psykisk er viktige faktorar som vi heile tida har merksemd på. Her jobbar vi i tett i lag med studentane for å få til det beste.

Feil kan dessverre oppstå i slike ekstraordinære situasjonar der mange tilsette og studentar står overfor nye utfordringar og situasjonar. Da blir det særs viktig med prinsipp som rettferd og likeverd, og ikkje minst transparens i situasjonar der avvik kan oppstå.

Livet for studentane er heldigvis ikkje berre eksamen no i førjulstida. Studentane er flinke til å ta seg av kvarandre. I lys av pandemien har alle studentorganisasjonane ved NTNU i Ålesund gått saman om å lyse opp juletida for studentar som skal tilbringe jula her i byen. Det er nemleg mange studentar som av ulike grunnar, ikkje kan eller vil reise til andre stadar i landet når smittesituasjonen er slik den er.

Mange feirar kanskje jula vekke frå familie og venar for første gong. Derfor skal studentorganisasjonane no organisere fleire ulike aktivitetar for denne gruppa – trygt innanfor smittevernreglane – slik at ingen må sitte åleine på hybelen sin. Dette står det respekt av og er i tråd med våre verdiar om å skape ei betre verd og løysningar som kan gjere dagane betre.

Vi som arbeider ved NTNU, skal gjere vårt, det vere seg å støtte opp dersom nokon har det vanskeleg, har spørsmål om eksamen eller kvardagslege utfordringar. Vi har eit godt støtteapparat gjennom Studentskipnaden som står parat for at ingen skal sitte åleine.

Ålesund er ein universitetsby, og vi skal då ta vare på våre studentar. Har du ein student i nabolaget, så nøl ikkje med å ta kontakt og gå ein tur saman.

Vi gler oss til å ta imot dei alle til nytt år og studietid i 2021, enten dei kjem tilbake frå ein hyggeleg juleferie med familien, eller om valet har vore å ta juleferien i fantastiske Ålesund.

Vi vonar at alle tar godt vare på seg sjølv, følger smittevernreglane og nyttar både førjulstida og høgtidsdagane til å samle krefter til eit nytt år som vi vonar er annleis enn det vi er i akkurat i denne førjulstida.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!