Det gjekk ti minutt før politi og brannvesen var framme då røyken frå ein bilstans fylte Valderøytunnelen måndag. Det er svært raskt levert frå naudetatane, men berre på den tida var det nok meir tilfeldigheiter enn rasjonell åtferd som gjorde at ingen blei påkøyrd i kaoset som oppstod.

Somme prøvde å snu bilane sine. Andre gjekk ut av bilane utan refleksvestar. Dette kunne endt tragisk. Sjølv om det ikkje brann.

Augevitneskildringane fortel kor dramatisk og sjokkarta dei som køyrde i tunnelen opplevde det då røyken møtte dei og sikten forsvann. Frykta for røyken var nok større enn den reelle faren denne gongen. Det viser ein gjennomgang av saka Sunnmørsposten har gjort med brannvesenet og vegvesenet, men alle som har sett fjorårets katastrofefilm «Tunnelen» kan forstå uvissa til dei som var der.

Det same gjeld alle dei som har vore fanga i røyken i dei mange dramatiske tunnelbrannane siste åra, tre av dei berre sidan 2013 i Gudvangtunnelen i Sogn, men også i Skatestraumen på Bremangersambandet i 2015 og i dei to brannane i Oslofjordtunnelen i 2011 og 2017. Ingen har mist livet i desse brannane, men katastrofepotensialet har vore stort og fleire personar har fått alvorlege skadar.

Auka merksemd på risikoen har ført til mykje godt utbetringsarbeid i norske tunnelar siste åra, men veldig mykje meir står att. Det er ikkje minst brannsjef Geir Thorsen i Ålesund brannvesen ein svært tydeleg talsmann for:

– Kor mange menneske må omkome i ein tunnelbrann før midlar til oppgradering av tunnelane i Norge blir prioritert og nokon tek grep, sa Thorsen til NRK då det i august blei kjent at Statens vegvesen opnar for å utvide fristen for å gjere pålagde tiltak i tunnelane frå 2025 til 2031.

Krava til tryggleik blei definerte i tryggleiksforskrifta i 2007 med frist for gjennomføring til 2020. Men fristen blei utvida til 2025, og no kan den altså bli utvida i seks nye år. Det er 135 tunnelar i Norge som treng oppgraderingar, fleire også i vårt distrikt. Det går på både manglande lys, ventilasjon, sløkkeutstyr, naudtelefonar og rømmingsvegar. Thorsen trugar med å stenge dei farlegaste tunnelane i vårt område. Den som kjenner Thorsen veit at det er han også trugande til.

Det er sjølvbergingsprinsippet som gjeld om du kjem ut for ein tunnelbrann. Alle må redde seg ut slik ein finn det best. Korleis gjer ein så det? Og kvar finn ein informasjon og kunnskap? Då Riksrevisjonen leverte sin rapport om tunneltryggleik i 2016 var ein av hovudkonklusjonane at Vegdirektoratet ikkje hadde sytt for at trafikantane får nok informasjon om sikker åtferd i tunnelar.

Sunnmørsposten har siste dagane fått fleire tilbakemeldingar på at dette er eit problem også lokalt. Det har lite for seg å oppgradere tunnelar med tryggleiksutstyr om trafikantane ikkje veit at det er der og heller ikkje veit korleis det skal takast i bruk. Tunnelkøyring og rett framferd ved ulykker i tunnel har vore del av den obligatoriske køyreopplæringa og førarprøva sidan 2016, men mange av oss tok lappen eit halvt liv før den tid.

Her har altså mange – inkludert oss i Sunnmørsposten – ei oppgåve å gjere. Eit av forslaga vi har fått har vore å sende ut informasjonsmateriell til alle husstandar i Ålesund, Giske og Sula. Gode og informative oppslag på flyplassen på Vigra er eit anna forslag. Det ser i alle fall ikkje ut til å vere nok å informere på nettsidene til Statens vegvesen.

Det er primært eldre og utdaterte tunnelar som er dei største brannfellene. Like fullt har det – også etter hendinga på måndag – blitt tatt til orde for at brannfare er eit godt argument for ikkje å byggje Møreaksen under Romsdalsfjorden. Då er det verdt å minne om at den 16 kilometer lange tunnelen under øya Tautra ikkje blir å samanlikne med tunnelane vi har i dag. Tautratunnelen vil – om han blir bygd – få to løp med rømmingsvegar mellom løpa for kvar 250. meter. Begynner å det å brenne i eine løpet er det då relativt enkelt å kome seg over til det andre og sikre løpet. Kravet til nybygde tunnelar er dessutan maksimalt fem prosent stigning. Slakkare tunnelar gir mindre varmgang i bilane og lågare brannfare.

Eiksundsambandet har på det meste 9,6 prosent. Ellingsøytunnelen har på det meste 8,5 prosent. Ingen av desse hadde blitt bygde slik dei står der i dag. Det er heilt sikkert. Like sikkert er det at det er vanskeleg å sjå for seg like vitale lokalsamfunn som i dag, utan dei.