FrP fremma eit klart og tydeleg framlegg i fylkestinget om å reversere kutta innan ferjedrifta som SP og AP ville innføre.

Dette er omfattande ferjerutekutt i snart alle ferjesambanda i fylket, som vi i FrP meiner er aldeles greinalaust å gjennomføre.

Kvifor kutte i ferjedrifta når fylkeskommunen lever i sus og i dus, og går med svimlande 313,5 mill. kr i overskot i drifta?

Eg blir direkte provosert over å høyre SP og AP, som rett og slett forsøker å lure innbyggjarane, seier ein ting før vala, og gjer stikk motsett etter.

Frå før har dei raudgrøne partia i fylket radert budsjetta, med kraftige kutt innan dei vidaregåande skulane i fylket, legg ned vidaregåande skule samt tannklinikkar, og aukar kraftig administrasjonen på fylkeshuset på Molde.

FrP vil fortsette å kjempe for ferjedrifta, og for å kutte i ferjeprisane.

Vi gjev oss aldri!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!