Ålesund som «demensvenleg by» vert skrota, flotte nasjonale og lokale demensplaner oversett og ein solid og godt gjennomarbeidd omsorgsplan for Ålesund («Levedyktige omsorgstjenester 2018-2025») lagt til side. Dette skjer samstundes med talande demografisk utvikling og nye alarmerande demensprognoser. Men pengane strekk ikkje til.

Det er vel også eit paradoks at vi nettopp no får presentert dei største tal for personleg inntekt og formue i byen vår nokon sinne.

Vi har hatt og har eit godt samfunn å leve i, også som gamle. Eldreomsorg har fått sin del av velferdsutviklinga. Men politiske signal i kontrast til truverdige prognoser og klare faglege råd gir grunn til otte. Det som over tid er bygt opp kan lett smuldre bort. Og kva kjem i staden?

Samfunnsutviklinga og manglande prioritering av dei eldre og funksjonssvake sin velferdssituasjon peikar i feil retning. Det er grunn til å rope eit varsku.

Odd Roe SkogenÅlesund

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!