Saka hennar er kjent frå media; det er tale om ei femti år gammal kvinne frå Eritrea som har hatt opphald her i Volda i 6 år. Mannen fekk opphald først, han er politisk flyktning. Sonen vart sendt i krigen, var skadd og kom på sjukehus i Uganda. Mora fekk besøke han der. Ho drog då vidare til Noreg saman med son og dotter, søkte og fekk opphald, grunngjeve med familieforeining.

Varsel frå UDI

I sommar fekk kvinna eit varsel frå UDI om at det var funne feil ved passet hennar. Det hadde vore til «dokumentteknisk undersøkelse» ved Nasjonalt ID-senter, og «etter all sannsynlighet» var forfalska. Advokaten sende inn eit svar, der han peika på at kvinna hadde fått passet av styresmaktene i Asmara då ho reiste for å ta seg av sonen, og ho hadde fylgt vanleg prosedyre. Den eritreiske ambassaden i Stockholm stadfesta både at passet var ekte, og at dei kjende identiteten til kvinna. Det ligg ikkje føre nokon tvil om at ho er kona til den mannen ho flytte til i 2014 eller at ho er mor til dei to borna.

29.11 kom det endelege svaret frå UDI: «Du har ikke lenger oppholdstillatelse i Norge og har derfor ikke lov til å være her. Du må forlate Norge innen 21.12 2020.»

Her er det ikkje rom for adventsstemning.

Internasjonale konvensjonar

Når ein vil skilja mora frå mann og barn, kolliderer det med to andre omsyn. Det eine er allmenne humanitære grunnar. Det andre omsynet til barnets beste, som har heimel i internasjonale konvensjonar, og som skal leggjast vekt på i alle saker. (Menneskerettslova og barnekonvensjonen).

UDI avviser begge.

I tillegg finst det ei lov som seier at ein ikkje skal senda menneske tilbake til land der dei risikerer straffeforfylging, tortur eller dødsstraff. I dette tilfelle er det reell risiko for straffeforfylging, sidan mannen er politisk flyktning.

UDI avviser også dette.

I tillegg finst det ein paragraf 38 i utlendinglova som seier at «sterke menneskelege omsyn» og «totalvurdering» av situasjonen på sjølvstendig grunnlag kan gje opphald. Denne blir ikkje avvist, den blir ignorert av UDI.

Omsyn sett til side

Kva er det som gjer at alle desse omsyna bli sette til side, utan at dei ein gong blir eksplisitt drøfta og vurdert i UDI si handsaming?

Det er det som ligg i uttrykket «sannsynligvis forfalsket». Dette blir heller ikkje eksplisert i utvisingsbrevet, ein viser rett og slett til Nasjonalt ID-senter utan å forklara det nærare. Når Nasjonalt ID-senter har slått fast at det finst ei «sannsynleg forfalsking», så set det både menneskerettslov, barnets beste og humanitære omsyn til side. For då kan det dreia seg om dokumentfalsk, og då ligg det føre allmennpreventive omsyn som skal leggjast «betydelig vekt» på.

I forklaringa av dette, skriv UDI: «Utlendingssystemet er basert på tillit, og UDI er i sin saksbehandling helt avhengig av at søkeren gir riktige opplysninger om sin identitet. Myndighetene har i liten grad mulighet til å etterprøve de opplysningene søkeren gir. Når det avdekkes falske forklaringer er det stort behov for markante reaksjoner».

Total mistillit

Desse formuleringane ropar på ein analyse. At utlendingssystemet er basert på tillit, fører altså til at ein møter søkjarane med totalt mistillit. I dette tilfellet har ho som søkte opphald, hatt tillit til at passet ho fekk av ambassaden i Asmara, var rett, noko ambassaden i Stockholm stadfester. Ho hadde vidare tillit til at norske styresmakter trudde på hennar dokument og hennar historie, noko dei i første omgang gjorde. Det ligg føre ein stor, ubrukt dokumentasjon på at kvinna er den ho gir seg ut for å vera, i det eritreiske og norske miljøet der kvinna no bur. Dei som bryt tilliten, er UDI, som har funne ein «sannsynleg» teknisk feil ved passet. Denne ligg ikkje føre som eit sikkert funn, berre sannsynleg. Likevel slår dette ut alle andre kunnskapar om kvinna og hennar sak: Det er sikrare enn opplysningane frå opphavslandet, sikrare enn familiens kjennskap til hennar historie, sikrare enn dei vurderingane som ligg føre der kvinna no arbeider og bur.

Dersom kvinna har fått eit pass som ikkje lever opp til dei tekniske krava ved Nasjonalt ID-senter, kan det ha fleire forklaringar. Det kan vera fordi dei som laga passet, hadde dårleg utstyr eller gjorde ein dårleg jobb. Men kvinna si forklaring om at ho fekk passet av dei rette personane på rett stad, blir ikkje lagt vekt på, ikkje ein gong vurdert.

Uhyggeleg

Det er noko uhyggeleg over dette. Vi har ein etat som tek dramatiske avgjerder for menneskeliv, som automatisk vurderer teknologisk, maskinell, «vitskapleg» kunnskap som meir sikker enn kunnskap som spring ut av kjennskap, vitnemål frå menneske og frå etatar. Maskinen har erstatta jussen, endå jussen tradisjonelt var ein tolkingsvitskap. Det inneber ei inhumanisering av jussen, noko den iskalde, totalt upersonlege tonen i brevet frå UDI ropar høgt om.

Det andre som er uhyggeleg, er at ein viljug til å ofre ein eller fleire menneskelagnader dersom det ligg føre sterke nok allmennpreventive omsyn. Altså: Dersom det finst pass-svindel, så må ein utvisa eit antall søkjarar for sikkerhets skuld, og for å setja eit eksempel, sjølv om bevisgrunnlaget berre er «sannsynlighet».

Det tredje som er uhyggeleg, er at vi her ser ein praksis som liknar på den store NAV-skandalen. I den saka vart dei politiske signala så sterke at den aktuelle etaten etter kvart ignorerte det internasjonale lovverket, og sende folk i fengsel. I dei sakene UDI arbeider med, har dei politiske signala vore endå sterkare. Ein av dei sju FrP-statsrådane som var innom justisdepartementet på dei seks åra alliansen med Høgre varte, feira med kake når dei etatane hadde fått sendt ut eit rundt tal asylsøkjarar. Denne typen politisk press, kan føra til ein juridisk praksis som ikkje toler dagens lys.

Utvisinga av Volda-kvinna på basis av «teknologisk sannsynlighet» er etter alt å døma eit eksempel på det.

Jan Inge SørbøVolda

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no