Sitel er ein av desse som har flykta frå sin heimstad fordi ho må. Ho kom til Noreg for seks år sidan og har no fått vedtak frå UDI om at opphaldsløyvet hennar er trekt tilbake, og ho blir utvist frå landet. den 21. desember 2020. Dette vil seie at ho må forlate heimen og familien sin i Volda og reise tilbake til Eritrea.

Ein god kollega

Bakgrunnen for dette inngripande vedtaket er at UDI meiner passet hennar er falskt. Dette trass i at passet er utferda av eritreiske myndigheiter, og deretter stadfesta som gyldig av den eritreiske ambassaden i Stockholm. Sitel jobbar som reinhaldar på Høgskulen i Volda. Ho møter oss som kollega med eit smil, er hyggeleg, ho snakkar norsk og gjer arbeidsoppgåvene sine på ein god måte. Når Sitel ikkje jobbar på Høgskulen så jobbar ho ved eit omsorgssenter. Vi er mange som setter stor pris på Sitel.

Urett mot gode menneske er meiningslaust.

Fleire har engasjert seg i saka til Sitel. Det er publisert fleire artiklar om henne i lokalpresse og i sosiale medium. Det viser at vi har eit raust og varmt lokalsamfunn, og som veit kva tid ein må rope høgt når styresmaktene gjer urett.

Manglande grunngjeving

Advokat Jørund Knardal har vore tydeleg på at UDI gjer store brot på menneskerettane i denne saka. NRK har publisert vedtaket til Sitel der vi får eit innblikk i korleis UDI har vurdert saka. At eit statleg organ kan gjere vurderingar av nasjonalt lovverk og grunnleggande menneskerettar på ein så slett måte som i dette tilfellet er graverande. Fleire stadar i grunngjevingane er menneskerettane avfeia med ei eller to setningar. Dette er ikkje ein rettsstat verdig.

Når forvaltninga avgjer at eit vedtak skal grunngjevast så er det visse lovkrav som slår inn. Dess meir inngripande vedtak, dess strengare krav til grunngjevinga – og særskilt i saker som gjeld menneskerettane. For å kunne ta til motmæle i si eiga sak må ein vite kva slags omsyn som er vurdert og korleis dei er vekta. Dette vert vanskeleg for Sitel når UDI sine vurderingar er omtalt i nokre få setningar. UDI meiner passet til Sitel er «sannsynlig falskt» basert på ein teknisk undersøking. UDI har fått stadfestinga frå ambassaden i Stockholm, men har ikkje grunngjeve kvifor dei meiner at dokumentasjonen ikkje er tilstrekkeleg. Kva opplysningar ville i så fall vore tilstrekkeleg for UDI? Og korleis kan eit så inngripande vedtak fattast på dette grunnlaget aleine?

I forvaltningsretten er det eit generelt overordna prinsipp om at det skal vere ein høg terskel for å trekke tilbake rettar som forvaltninga har tildelt. Dette prinsippet trekkjer UDI sjølv fram i vedtaket og poengterer at omsyna som talar for å kalle tilbake eit opphaldsløyve må vege vesentleg tyngre enn omsyna som talar mot. Kvifor viser ikkje dette prinsippet att i den vidare argumentasjonen i vedtaket?

Tilbakekalling av opphaldsløyve kan skje etter utlendingslova § 63 dersom ein «mot bedre vitende» har gitt urette opplysningar til myndigheitene. Dette omfattar opplysningar som ein visste eller burde vite var urette. Sitel har ikkje gjort noko gale. Passet hennar er stadfesta som ekte av eritreiske myndigheiter. Ho har fått passet sitt frå eritreiske myndigheiter, på den måten og med dei hjelpemidla eritreiske myndigheiter utferda pass for seks år sidan.

Sitel har eit mindreårige barn, ei dotter på 16 år, som også bur i Noreg. Ho har ein hjartesjukdom og er svært tilknytt mora. I følgje Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 3 skal «barnas beste» vere eit grunnleggande omsyn i slike saker. UDI formulerer si vurdering på følgjande måte: «UDI har sett hen til at du har barn i Norge. UDI mener at dette ikke er til hinder for å kalle tilbake oppholdstillatelsen din». Det er heile grunngjevinga. UDI hoppar over både menneskerettar og forvaltningsrettslege prinsipp med to setningar.

Sterke menneskelege omsyn

Etter utlendingslova kan opphaldsløyve gis dersom det ligg føre «sterke menneskelige hensyn» eller personen har ein «særlig tilknytning til riket». UDI held fram på same vis når dei gjer desse vurderingane. Dei brukar ei setning på å konstatere at «Det foreligger heller ikke så sterke menneskelige hensyn at det gir grunn til å gjøre unntak fra de allminnelige vilkårene for tillatelse». Det er heile grunngjevinga.

Sitel har budd her i seks år, ho har tre born, eit barnebarn og ein ektemann her. Ho har to jobbar, mannen hennar jobbar, borna har gått eller går på skule og dei snakkar norsk. Sitel viser omtanke for dei rundt seg. Kva meir av tilknyting til riket ønskjer UDI?

Tvert i mot kan ein seie at Sitel gjennom seks år har utvikla sterke band og bindingar til Noreg og Volda. Ho har etablert eit nytt privat- og familieliv her. Ved å sende Sitel til Eritrea legg UDI opp til ei splitting av ein familie. Dette kan vere eit brot på retten til familieliv i Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8. Dette kan ein heller ikkje finne att i vurderingane til UDI.

UDI gjer heller ingen tilstrekkeleg vurdering av Sitel sin retursituasjon og kva sterke menneskelege omsyn som kan vere gjeldande. Sitel reiste frå Eritrea med dottera for å hjelpe sin sjuke son i Uganda som fekk behandling for ein hovudskade der. Dette betyr at ho tok borna sine ut av eritreisk militærteneste, noko som blir sett på som opposisjon mot regimet i Eritrea og ein kan blir straffa for illojalitet. Sitel vil då vere ei einsleg kvinne ved retursending, noko som betyr at ho høyrer til ei særskilt utsett sosial gruppe. Det er fleire heimelsgrunnlag i utlendingslova for å ta inn desse vurderingane. I Sitel sitt vedtak er dei ikkje nemnt med eit ord.

Alle momenta i dette innlegget handlar om lovreglar. Reglar som gir UDI føringar for korleis dei skal gjere vurderingane i utlendingssaker. UDI må ta omsyn til menneskerettane, dei må grunngje vurderingane sine og dei må sjå alle sidene av saka. I dette vedtaket blir menneskelege omsyn sett til side av innvandringsregulerande omsyn. UDI brukar mykje plass på å argumentere for er allmennpreventive omsyn, og nemner her at ordninga er basert på tillit. Kva tillit sitter vi som samfunn att med til UDI etter denne saka?

Juss og verdigrunnlag

I samfunnet vårt verdsett vi verdiar som likeverd mellom alle menneske, solidaritet, toleranse og respekt. Heldigvis kan jussen vere med på å fremje desse verdiane. Heilskapsvurderingar handlar om å vekte ulike omsyn, og i slike saker skal «særlig menneskelige hensyn» vektleggast. Kor stort rom desse menneskelege omsyna skal ha i dei rettslege vurderingane, altså verdigrunnlaget vårt, er noko vi må kjempe for. Gong på gong. Eg og du.

Juss handlar som regel om enkeltpersonar. Derfor kan ein aldri slutte å bry seg i saker som gjeld enkeltmenneske. Sitel må få bli.

Det handlar om menneskeverd.

Ingvild Sande LillebøEllen Lexerød HovlidSilje KleppHeidi Berg-Rusten Grevstad Marit Gridseth FløMargrete Homlong Øyehaug

Juristar ved Høgskulen Volda

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!