Innlegget mitt handla om å bruke tvang for å forbetre ein person sine prestasjonar og ferdigheter, eller for å presse gjennom sine politiske haldningar/synspunkt, ikkje om for og/eller imot bokmål/nynorsk. Derfor ville eg samanlikne dette med tvang, mot N.A. Eggens Godfoten. Samhandling – veien til suksess, metoden han brukar for å oppnå prestasjonsforbetringar eller betre ferdighetene hos sine spelarar.

Eg synest Eggen sin metode er langt meir positiv og elegant, enn det å bruke tvang. Det handlar om at folk skal bli betre der dei er gode frå før, ikkje tvinge på dei noko dei ikkje har ferdigheter i.

Eg har ingenting imot nynorsk GK, det eg vil be meg fri for er at nokon skal tvinge meg til å skrive nynorsk, da mi målform (korrigert etter forrige innlegg) er bokmål, og det vil eg i likskap med deg be om respekt for. (Dette innlegget er forsøkt skrive på nynorsk, frivillig, og det blir nok einaste gongen. Ved hjelp av ei nynorsk ordbok og ein korrekturlesar. Det ber nok preg av det. Hadde eg skrive det på bokmål, hadde det nok tatt under halve tida og i tillegg vore meir presist. Det er vel kanskje det kultursjefen også tenkjer på i sin kommentar til språkbruksplanen).

Eg har eit år på Møre Folkehøgskule og deretter 4 år på lærarskule i Halden. Det har aldri vore noko problem med målformene nokon av desse plassane.

Det er tydeleg at GK er tilhengar av tvang som pedagogisk verkemiddel. Som tidlegare lærar, kan ho gjerne komme med nokre døme på at ho brukte tvang i opplæringa og kva resultat det ga. Hugs. Du kan lede ein hest til vatnet, men du kan ikkje tvinge han til å drikke.

Det ser også ut til at GK gler seg over den tvangen dei som har bokmål som målform no er utsett for i Ålesund kommune, noko ho meiner nynorskbrukarar har opplevd i over 100 år. Ser ho på det som ein slags hevn? Det er ikkje sikkert at denne varer i 100 år, men i alle høve i fire år, fram mot kommunevalet i 2023. Då reknar eg med at saka kjem på dagorden igjen. Gjensidig respekt for kvarandre sine målformer bør ein kunne leve godt med, men tvang må ein kjempe imot og ikkje godta.

Gunnar HerfjordÅlesund

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!