Bana er ca. 2,7 km lang, startar ved Devoldfabrikken og endar på Rundehornet. Bana skal køyrast med opptil 30 gondolar.

Det skal byggast restaurant og servicebygg på Rundehornet. Frå idrettsplassen ved Vassetvatnet og opp forbi Vonhytta og vidare under vardane skal det byggast bilveg for anleggstrafikk med store bilar.

Gondolbana vil i stor grad øydelegge eit veletablert bumiljø i Molværsbrauta og Legane på båe sider av vegen. Fleire titals heimar vil få sterkt redusert bumiljøet og verdien av eigedomane. Mange hus vert neppe salbare. Dette gjeld ikkje berre dei som kjem under bana, og som ligg innanfor 40-metersbeltet, men langt utover dette.

Gondolane vil i «rushtida» passere bustadane kvart 30. sekund 15 til 20 meter frå uteplassane til folket som bur her. Dei fleste har forsøkt å skjerme uteplassane mot innsikt frå vegen. Men mot innsikt frå gondolane 20 meter unna hjelper dette lite. For kvart 30. sekund vil det på fine sumardagar fare ein skugge frå ein gondol over uteplassen, inn gjennom kjøkkenvindauget, stovevindauget eller plenen til dei som bur her.

Då veit du at turistane sit og ser på deg på om lag 20 meters avstand, for mange rett inn i stova. Med så stor frekvens av gondolar vil det seie at det så godt som heile tida er de nokon som kikar inn på ditt private område og inn i huset ditt.

Eit hundretals menneske skal ha desse ulempene så lenge dei bur her. Nye vil neppe flytte til, og vi får eit meir eller mindre utdøyande bustadfelt.

Naturinngrep

I presentasjonen vert det vist ein video og eit bilde av eit fint bygg liggande pent til i naturen på Rundehornet slik det også er vist i Sunnmørsposten. Dette er det vi kallar ei «politikarskisse». Skissa skal vise politikarane kor pent det vert.

Slik som dette vert presentert her det naturlegvis ikkje. Med tusenvis av turistar som takkar rundt her vil den sårbare vegetasjonen på Rundehornet forsvinne og det vert trakka svart i heile området. Her vil nok eit stort område verte singla og grusa opp og sannsynlegvis asfaltert eller steinlagt. Resten av området vert grus og mold i dagen slik ein ser i naturen der det er mykje turistar.

Prosjektet vert ein turistfabrikk. Rundehornet vert urbanisert. Det vil seie at det vert ein del av «byen» Langevåg med ein trafikk som det er i gatene der og meir enn det. Frå Rundehornet til toppen av Sulajellet, Vardane, er det om lag ti minutts gange. Her vert det naturlegvis ein svarttakka sti, ti til femten meter brei som etter kvart må grusast opp eller asfalterast for at det skal vere framkomeleg. Det nesten urørte naturen på Sulafjellet vert ekstremt endra og øydelagt.

Sit du ved Vardane og ser ned til Rundehornet nokre hundre meter lenger nede vil du sjå ein straum av folk som trakkar rundt der nede og utover fjellet. Det betyr at Vardane også er urbanisert.

Tenk det: Toppen av Sulafjellet kan definerast som urbanisert etter at anlegget er ferdig. Dei finaste naturområda vi har på Sulafjellet, rundt Vardane og Rundehornet, vert øydelagde som naturområde. Det vert ei turistmaskin.

Gangstien til Sulafjellet

Ein tur langs den fine turstien til Vonhytta vert ikkje lenger det same. Frå Devoldfabrikken til Rundehornet vil det verte hengande oppimot 30 gondolar svevande over den mest av turen. Det vert ikkje lenger ein fredeleg tur for dei som framleis vil gå fotturar mot Vonhytta og Sulafjellet.

Vi gamle vert ofte skuva fram når det skal byggast veg eller gondolbaner til fjellet. No skal dei gamle endeleg kome seg ein tur på fjellet og få seg ein kaffikopp i restauranten.

Nei, vi gamle som har likt å gå i fjellet frå ungdomen av har vore der mange gongar før. Vi veit at det er ei tid for alt. Vi går no ein kortare tur til Vonhytta så lenge vi greier det, til Blåfjellet, til Gamlestølen, til trolla og bukkane hans Trygve eller berre til ein fin utsiktsplass ved TV-masta ovanfor Hardhaugen. Vi krev ikkje at dei nesten urøyvde naturområda på Sulafjellet skal øydeleggast for at vi skal kome oss opp der ein gong til.

Vi vil at fjellet skal takast vare på for dei som veks opp no, slik at dei kan få oppleve å sitje på Runehornet eller ved Vardane å nyte ei velsigna ro som gir bate for sjela og nye krefter til komande arbeidsdagar.

Ove KaldholLangevåg

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no