Ifølgje saka om Luca Thompson i VG den 11.09., er det mogleg å gå frå botn til topp på karakterskalaen ved å be om ny vurdering av eksamensoppgåva. Vidare vert det i Dagsavisen 10.02. argumentert av Professor Gamlem at eksamen kan opplevast som ei lottotrekking. Eksamen er vurdering av fagkompetanse som skal sørgje for at alle elevar blir vurdert på likt grunnlag. Er eksamen i dagens skule eigentleg «rettferdig»?

Eksamen er ein del av dagens skulesystem, der elevar vert vurdert for å få vise kompetanse. I tillegg skal eksamen vere ein del av vurderinga som skal gi inngangsbilletten til vidare studiar. Med utgangspunkt i dette er det viktig at eksamen har eit system som er rettferdig og som man kan ha tillit til. I teorien skal eksamen vere rettferdig fordi det blir vurdert anonymt, men treng dette å vere eit kvalitetsteikn?

Artikkelforfattar: Rune-André Gamlem er Masterstudent grunnskulelærarutdanning ved HVO.

Ein må ikkje gløyme at eksamensoppgåva blir lest av menneske, som kan ha ulik kompetanse, kunnskap, og forståing. Sensorrettleiinga skal sikre ei felles forståing om korleis ein skal vurdere, men nyansar om kvalitet kan bli tolka ulikt av individ. Dess mindre klare kriterium for vurdering av eksamen er, dess større handlingsrom får sensor som vurderer. Sånn sett kan ein seie at dei som får same sensor blir vurdert rettferdig av den sensoren, men denne vurderinga er ikkje nødvendigvis lik ein anna sensor si vurdering. Dette er også problematisert i mediesaka om Thompson, der han stiller seg undrande til at den same eksamensoppgåva kan verte vurdert av ein fagperson til F for så å verte vurdert av ein annan til A (beste karakter). Med ei slik oppleving kan ein misse tillit til sensureringa i eksamen.

Vegen fram til gjennomføring av eksamen i grunn- og vidaregåande skule består også i at det skal vere hemmeleg kva fag ein elev skal ha eksamen i – og kven av elevane i ei gruppe som skal gjennomføre eksamen. I skulen i dag har ein hatt eit system der det vert trekt ut kva fag elevar skal ha eksamen i – og kven. Berre 20 % av elevar i første år på vidaregåande skule vert trekt ut til å gjennomføre eksamen. Altså, nokon må – og nokon slepp.

Dette fører til at nokon vert stoppa i utdanninga fordi dei stryk, medan andre kan kome seg vidare fordi dei slapp eksamen. Er det rettferdig? Vidare er det slik på ungdomstrinnet at alle elevar det siste året skal trekkast til ein eksamen i enten norsk, matematikk eller engelsk. I ei klasse kan såleis nokon kome opp i sitt sterkaste fag og få fleire høge karakterar på vitnemålet, medan nokon vert trekt til å gjennomføre eksamen i sitt svakaste fag – og får fleire låge karakterar på vitnemålet. Til slutt skal jo desse elevane konkurrere om studieplassar – vert dette da eit system som fører til rettferd med utgangspunkt i opptak til vidare studiar?

I Norge har Eksamensgruppa på bestilling av Kunnskapsdepartementet sett på eksamen i grunn- og vidaregåande skule og framheva tre sentrale utgangspunkt som er viktig for kvalitetssikring av eksamen: Eksamen si gyldigheit, rettferd og truverdet.

Eksamensargumentasjonens tre utgangspunkt

For det første, gyldigheita for eksamen er påverka av eksamensoppgåver og om eksamen måler det den skal. Eit sentralt spørsmål er om alle skular har same forståing av kva eksamen inneber, og om elevar ved alle skular har fått arbeida med det dei skal verte vurdert i. Har til dømes alle skular lik tilgang på læremiddel, digitale verktøy eller nettverkstilgang på eksamen?

For det andre, eksamen skal fungere som ei rettferdig ordning som skal kvalitetssikre at alle skal få vise kompetanse i faget. Dette betyr at eksamen skal vere fri frå alle systematiske skeivmålingar og at eksamen ikkje skal bli påverka av variablar som kjønn, språkbakgrunn, funksjonsgrad, busetnad og liknande.

For det tredje, truverdet (reliabilitet) til eksamen, eller argumentet om «nasjonal lik vurdering» er eit argument innanfor eit rettferdig vurderingssystem. Truverdet til eksamen kan verte trua om eksamen vert oppfatta som ei «lottotrekking» når det gjeld kva fag den enkelte elev skal vise kompetanse i, kven av elevane som må ta eksamen og kva karakter ein får. Skal eksamen fungere som ei sertifisering for vidare studie og framtidig arbeidsliv er det heilt sentralt at ein opplever at eksamen har høg legitimitet, og at vi alle har tiltru til systemet som vurderer kompetansen til kandidaten. Ein føresetnad for dette er ein eksamen med klare retningslinjer – både for kandidat og sensor.

Er vi på veg mot eit meir rettferdig system?

Slik eg forstår dilemma rundt rettferd og eksamen, så er det behov for debatt om dagens ordning.

Det er også behov for at Kunnskapsdepartementet utviklar eit betre system med støtteressursar til eksamen på nasjonalt og lokalt nivå. Regjeringa har sett på dagens vurderingssystem, og spørsmålet no er kva endringar for framtida som vert sett i gang.

Den nasjonale Eksamensgruppa leverte ein rapport om dagens og framtidas eksamen våren 2020 og dei skriv mellom anna at det kan vere nyttig å byggje opp meir formaliserte strukturar og støtteressursar for eksamen. Formålet er å utvikle og sikre kvaliteten på nasjonalt og lokalt gitte eksamenar på ein systematisk måte.

Utviklinga av eit heilskapleg rammeverk for kvalitetssikring av eksamen vil kunne gi nasjonale retningslinjer som bidreg til meir systematisk arbeid. Dette vil vere på tvers av alle kommunar og fylkeskommunar for å utvikle ein tolkingsfellesskap og meir rettferdig eksamensordning.

Vil dette fungere eller er det andre ting skulen bør sjå på for å sikre at eksamen opplevast som rettferdig og legitim?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!