Vi har eit rikt språk i landet vårt. Vi har faktisk tre: Samisk, bokmål og nynorsk. Ordforrådet i dei tre målføra er rikt, det burde ikkje vere vanskeleg å finne dekkande ord utan å måtte krydre det med ugras.

Eg vil trekkje fram fire ord som i det siste har vorte svært så vanleg å nytte – eller henge på noko vi vil gje uttrykk for. Orda er som følgjer: SJUKT/SYKT – SINNSSJUKT/SINNSSYKT – HERREGUD – DRITKULT. Enkelte nyttar desse orda i hytt og pine – mest i kvar setning utan at meininga ved bruken stemmer med det desse orda eigentleg uttrykkjer. Du kan vere SJUK av influensa, SINNSSJUK er ein alvorleg diagnose, HERREGUD høyrer heime i religion – DRITKULT eit samansett ord som helst bør gå heilt ut av bruk.

Eg vil hevde at den utstrakte bruken av desse orda vitnar om at brukaren sitt ordforråd er i ferd med å minske. Det kan også vere at enkelte synest at orda er tøffe å nytte. Kanskje sume til og med vil hevde at orda brukt slik mange nyttar dei, gjer språket vårt rikare og meir fargerikt. Slike tankar og påstandar vil eg beint fram avvise.

Eg vil oppmode TV og radiokanalar, aviser og ikkje minst deltakarar i desse media om bevisst å ta avstand frå desse utvekstane i språket vårt. På same tid vil eg be skular, barnehagar og andre miljø som samlar barn og unge om å ta ugraset ved rota. Vi kan få til denne ugrasreinskinga dersom vi samlar oss i ein nasjonal dugnad.

Eg er overtydd om at alle kan gjere seg godt forståeleg i skrift og tale utan å bruke orda ovanfor. Heilt bevisst har eg valgt fire ord/uttrykk som i særleg grad har gjort vondt i mitt og fleire andre sitt språkøyre. Nokre ord til kunne ha vore freistande å ta med, dei får kvile til ein annan gong. Start språkvasken i dag, dersom vi vil halde ugraset unna våre vakre og ordrike språk. Dei fleste av dei bannorda enkelte må slenge rundt seg kan gje grunnleg for eit eige innlegg. I dei fleste samanhengar er bannorda også for ugras å rekne!

Ragnar Elias Bakken Ørskog