Det betyr sysselsetting til små og store entreprenørar i mange år framover. Det betyr at vi tek eit stort løft for å gjere fylkesvegane vår betre og sikrare og meir framkommeleg.

Fylkeskommunen har blitt meir herre i eige hus når det gjeld fylkesvegar. Vi vil prøve å utnytte dette til meir samarbeid med kommunar og andre for å utnytte dei samla ressursane best mogleg. Til dømes på driftskontraktar og bygging av gang- og sykkelvegar og trafikktryggingstiltak.

Fylkeskommunen arbeider med å utvikle kollektivtilboda. Vi treng fleire bussar og auka frekvens på nokre ruter, særleg i byane, og vi treng meir fleksible og betre tilbod i distrikta. Difor intensiverer vi arbeidet med å utvikle nye former for bestillingstransport neste år. Vi tek også eit stort og nødvendig miljøansvar, med å sate på el-bussar i byane, nye el-ladestasjonar og overgang til miljøferjer.

Desse store og viktige satsingane druknar i negative oppslag om kutt i ferjetilbod og prisen på ferjebillettane (som no blir den same som staten har på sine samband frå nyttår, etter at vi har vore billegare på fylkesferjene fram til nyttår). Fylkeskommunane har ikkje andre inntekter enn det Stortinget til ei kvar tid bestemmer pluss billettinntekter. Stortinget fordeler pengar etter eit nivå på ferjetilbod, busstilbod, vegvedlikehald, tannhelse og tilbod i vidaregåande skule som dei meiner er «rimeleg». Vi meiner at kyst- og fjordfylka kjem urimeleg dårleg ut av standarden både for ferje og fylkesveg. Vi i Senterpartiet – og dei andre raudgrøne partia – vil difor halde fram kampen for ei rettferdig finansiering av ferjene og prioritering av fylkes- og kommunevegane.

Eit godt liv består ikkje berre av gode vegar og billegare ferjer. Dette er berre verkemiddel for at samfunnet skal fungere. Så når fylkeskommunen finn rom for å investere 700 mill. i vidaregåande skular, oppretthalde fleire tannklinikkar, til og med prioritere kultur-, nærings- og samfunnsutvikling i ei tid da regjeringa har kutta dramatisk i distriktsutviklingsmidlane, går vi inn i året 2021 med ein viss optimisme. Det skuldast ikkje minst at meiningsmålingane viser at stadig fleire ser at sentraliseringspolitikken som denne regjeringa har ført slår dårleg ut også i vårt fylke.

Når det er sagt, vil eg takke samarbeidspartia i fylket, også regjeringspartia, som står på for saker som er viktige for fylket. Sjølv om dei ikkje blir høyrt i alt. Vi er mellom anna heldige som slepp å streve med samanslåing med Vestland eller Trøndelag, med alt auka byråkrati og tap av politisk makt det ville medført.

Så er det også slik, at det vi kranglar høglytt om i vårt fylke blir smått i ein større samanheng, som pandemi, globale klima- og miljøutfordringar, global fattigdom og truslar mot demokratia. God jul!

Kristin SørheimFung. gruppeleiar SP