Det er på høg tid når regjeringa no har bestemt at dei to statlege kredittinstitusjonane GIEK og Eksportkreditt skal bli slått saman til ei verksemd frå juli i år. Med næringsdepartementet som eigar for begge, og med delvis overlappande føremål, er dette både klokt og naudsynt om støtteordningane skal brukast på beste vis.

Samstundes er det viktig at regjeringa lærer av gamle feil og ikkje skuslar bort moglegheita til å lage ei framtidsretta eksportfinansiering – og støtte – for norske verksemder. Det at regjeringa har etablert eit samarbeid med næringslivet for å få aktørane sine råd om eksportfremmande tiltak, er eit steg i riktig retning. For å lukkast med regjeringa sitt uttalte mål om å auke norsk eksport er det også viktig at verkemiddelapparatet er representert langs den kysten som lagar hovudtyngda av eksportverdiane. Det er tre ting som gjer at dette er fornuftig.

Det meste av verdiskapinga i Norge skjer langs kysten, på små og litt større stader, der ein i fleire hundre år har hatt blikket festa ut mot resten av verda. Her er det fiskeriverksemder som haustar frå Nordishavet til Antarktis, reiarlag med global verksemd innan subsea, verdsleiande oppdrettsselskap, havvind, bølgjekraft og – ikkje minst – verft og design som byggjer på oppdrag frå både nordmenn og utlendingar.

I ei tid der verdsklimaet utviklar seg i feil retning, har Norge betre føresetnader enn nesten alle andre nasjonar til å løfte dei eksportnæringane som både kan hjelpe norsk økonomi og klimaet i verda. Desse næringane finst her, og Norge kan vere eit føregangsland i å utnytte ressursane på ein berekraftig måte. Vurderingar om kreditt og økonomi for desse verksemdene bør skje av kvalifiserte folk som sit tett på den faglege kompetansen og innovasjonskrafta.

Havromsklyngene på Sunnmøre og elles langs kysten har i generasjonar vore pionerar innan teknologiutvikling og operasjonar i havet, og har gitt Norge enorme eksportinntekter. Samstundes veit vi at behovet for mat, energi og mineral vil auke kraftig framover, og at havet er staden vi kan hente mykje av dette.

For folk som skal forvalte milliardar av verkemiddelkroner på vegner av skattebetalarane, er difor nærleik til den eksportskapande maritime og marine klynga på kysten langt viktigare enn nærleik til regjeringskvartalet og skinande kontorbygg midt i hovudstaden.

Ein konsulentrapport frå Deloitte hevdar det er viktig at eit nytt GIEK/Eksportkreditt er nær dei store forretningsbankane, og nemner særskilt DnB. Vi som held hjula i gang langs kysten veit realitetane: Dei store forretningsbankane har redusert nærværet i Kyst-Norge, og sparebankane spelar difor ei stadig viktigare rolle for næringslivet ved havet. Sparebankane har betre oversikt, kunnskap og kompetanse over næringslivet – og betre grunnlag for å ta gode avgjersler. For desse bankane vil nærkontakt og kort veg til verkemiddelapparatet auke evna til å støtte dei framtidsretta bedriftene som held lokalsamfunna i gong. Dersom ein styrkar kapitaltilgangen, styrkar ein samstundes den busetnaden og dei lokalsamfunna alle politikarar seier er naudsynte for at AS Norge skal klare seg i framtida.

Ei lokalisering berre i Oslo vil bidra til den motsette trenden. Det forsterkar sentraliseringa som allereie går føre seg både på land og på sokkelen fordi verkemiddelapparatet ut frå plassering og vane favoriserer dei største verksemdene.

Det skjer dessverre uavhengig av om desse selskapa har den mest framtidsretta og berekraftige teknologien. Det skjer frikopla frå viktige innovasjon- og grundermiljø. Og det skjer uavhengig av ringverknadane og meir-aktivitetane som næringane langs kysten skaper i sine lokalmiljø.

Året 2021 teiknar til å bli eit år ein aldri har sett maken til i norsk politikk, der Arbeiderpartiet, Høgre og Senterpartiet ligg an til å bli jamstore. Ein nøkkel til Senterpartiets vekst og suksess er at det er det einaste partiet som tydeleg og konsekvent kjempar mot sentralisering for sentraliseringa si skuld.

Eit fleirtal av leiarar i næringslivet hallar tradisjonelt mot borgarleg side i politikken. For dagens regjering, som ynskjer fire nye år med makta, er det hasard ikkje å lytte til det verdiskapande næringslivet langs kysten i denne saka.

Vi trur vegen bort frå dagens regjering kan vere kort for mange leiande folk i næringslivet langs kysten. I alle fall om regjeringa vel å høyre meir på konsulentar og «ekspertar» frå Oslo enn på oss som bur og arbeider der eksportverdiane vert skapt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!