Eit samband som gjorde alle samfunnsøkonomiske kalkylar og spådomar til skamme. På sju år var sambandet nedbetalt. Dette var under halvparten av den tida som var forespeila.

Mobiliteten mellom kommunane er dramatisk forbetra og vi har fått ein sterk bu- og arbeidsmarknadsregion på Søre på grunn av Eiksundsambandet.

Regionforstørring

Nyleg la Victor Norman fram rapporten frå det regjeringsoppnemnde utvalet som skulle «utrede konsekvensene av demografiutfordringene i distriktene».

I denne rapporten beskriv ein mellom anna at eit godt vegsystem er viktig for å utvide og styrke integrasjonen i bo- og arbeidsmarknadane. «Bedre transportinfrastruktur gjør det mulig å øke reiseavstanden uten å øke reisetiden. Det gir også flere indirekte effekter, som eksempelvis økt konkurranse, stordriftsfordeler og mer kunnskapsdeling» (NOU 2020: 15).

Både denne og tidlegare rapportar framhevar at det ligg eit potensiale for auka verdiskaping i regionførstørring. Det er spesielt fjordområda langs kysten og E39 som har størst potensiale. Felles for desse områda er at betre vegar og gode samferdselsløysingar vil gi vesentleg reduksjon i reisetid innanfor områder som er attraktive for pendling.

Slik vil ein kunne kople saman eit visst omfang av yrkesaktive og arbeidsplassar og få betre «matching» mellom kompetanse og arbeidskraft. (TØI-rapport 1208/2012).

Ein time frå Herøy til Harøy

Hareid Fastlandsamband AS (HAFAST) arbeidar for å få på plass fjordkryssinga av Sulafjorden. Bruprosjektet vil knyte saman den mest folketette regionen i Møre og Romsdal, nærmare 150.000 innbyggarar. HAFAST vil gjere regionen større, døgnopen og transport av personar og gods enklare.

På ein god time vil ein til dømes kunne reise frå Herøy i sør til Harøya i nord.

Kortare reiseavstand vil gi meir mangfald og auke breidda i arbeidsmarknaden. Dette vil gje grunnlag for storskalafordeler, læringseffektar og fleire relevante jobbar å velje mellom i ein større region.

I 2014 vart det bestemt at E39 skulle gå over Hareidlandet og i 2015 kom HAFAST inn på statsbudsjettet med planleggingsmidlar.

Etter fleire år med innsamling av grunndata på vind, straum, sjø og grunnforhold gjekk Statens Vegvesen i desember 2020 ut med anbodskonkurransen på bruløysing og traseval. Ein viktig milepæl for prosjektet!

Om eit år vil ein ha på plass forslag til teknisk løysing, sikkerheit, miljø og estimat på kostnadar.

Samferdsel viktigast

Sunnmøre er ein sterk og viktig eksportregion for landet og fleire av aktørane er internasjonalt leiande innan sine områder. Vi har ein variert og sterk leverandør- og tenesteindustri samt eit spannande kultur- og reiseliv.

Skal vi oppretthalde dette må vi halde fram med å skape verdiar i samspelet mellom næringsliv, akademia og offentleg sektor, samt oppretthalde god mobilitet i forhold til sjukehus og flyplassar.

Forsking syner at samferdsel er noko av det viktigaste som må til, og kanskje det aller viktigaste for å bygge og utvikle samfunn.

Det er ikkje gratis SFO og sertifikat til 16-åringar bak rattet vi treng i distrikta – vi treng gode samferdselsløysingar slik at vi kan bygge sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Våre politikarar på Mørebenken har eit stort ansvar for at verdien av HAFAST blir synleggjort og prioritert under arbeidet med i Nasjonal Transportplan til våren. Samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt som hindrar fråflytting frå distrikta er berekraftige – og dei må prioriterast!

Lene Trude Solheim, dagleg leiar i HAFAST

Harald Tom Nesvik,styreleiar, HAFAST

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no