Stortinget har vedteke ein ny og moderne domstolsstruktur. For Venstre har det vore avgjerande at vi sikrar god kompetanse i domstolane og kompetansearbeidsplassar i heile landet, at bemanninga av domstolane i distrikta minst blir oppretthalde og at vi skal ha politisk styring med eventuelle framtidige endringar i strukturen.

Dette er ei reform som skal sikre auka rettstryggleik i heile landet. Rettskrinsar blir slått saman, men alle domstolar, inkludert alle jordskifterettar skal bestå: Ingen domstolar skal leggast ned.

Endring må skje: Vi har for lang sakshandsamtid og nyttar ikkje ressursane godt nok. Det er vanskeleg å rekruttere dommarar i små tingrettar. Sakene er ofte skeivt fordelt mellom by og land, og vi ser at saker vert avgjort ulikt frå domstol til domstol.

I tillegg er dei minste domstolane sårbare for sjukdom og inhabilitet.

Skal vi sikre god rettstryggleik i heile landet for framtida, må vi sikre god kompetanse og sterke fagmiljø, moglegheit for spesialisering, auka digitalisering, kortare sakshandsamingstid og god bruk av ressursane i domstolane både i bygd og by. Fleire domstolar blir no samla i større rettskrinsar, slik at dommarane kan ta saker ved fleire tinghus innanfor sin rettskrins.

Dermed kan sakene blir fordelt meir likt mellom tinghusa innanfor same krins. Dette vil bidra til auka aktivitet i distriktsdomstolar, med enno betre vilkår for den einskilde domstol og for kompetansearbeidsplassar tilknytt domstolen.

Over tid har vi sett lesarinnlegg frå Jenny Klinge frå Senterpartiet som gjer alt ho kan for å så tvil om regjeringa sine intensjonar når det gjeld domstolreforma. Er det slik at dei er meir opptekne av å behalde gamle titlar, enn å betre rettstryggleiken for brukarane?

«Hor med ord er ikkje greitt, heller ikkje når det kjem frå statsrådar og stortingsrepresentantar», skriv Jenny Klinge. Klinge fokuserer på at ein tingrett er ein domstol med eigen domstolleiar og ein eigen rettskrets.

I Sunnmørsposten den 13.09 skriv Sorenskrivar Elisabeth Wiik at alle leiarstillingane står for hogg og skal lysast ut att. Det er riktig at det blir færre leiarar, og fleire dømmande årsverk. Vi er opptatt av at det er innhaldet, ansvaret og betra kvalitet som tel.

Er det slik at Klinge meiner at regjeringa ikkje fortel sanninga, sidan ho kjem med slike påstandar? Og er titlane viktigare enn rettstryggleiken? Om retten heiter Møre og Romsdal Tingrett eller Søre Sunnmøre tingrett er nok underordna for den som har ei sak som skal handsamast og ynskjer både framdrift og likebehandling. Stillingane blir ikkje borte. Men det er rett at det blir færre med tittelen Sorenskrivar, for no skal fleire årsverk nyttast til kjerneverksemda.

Stortinget har vedteke at på rettsstader som har fire dommarårsverk eller mindre, så skal bemanninga vere minst på samme nivå som i dag. Aktiviteten ved domstolane som i dag har zledig kapasitet vil auke, sidan ein no får nye moglegheiter til å flytte saker og dommarar med spesialkompetanse mellom domstolane. Saksbehandlingstida skal gå ned og alle skal sikrast lik handsaming, uavhengig av om domstolen ligg i ei bygd eller i ein by.

Lena Landsverk Sande Stortingskandidat M&R Venstre

Solveig Schytz Stortingsrepresentant Venstre

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no