Når nokon spurde meg kvar eg var ifrå, svarte eg som sant var: Frå Harei. D-en mangla. Og medan mine syskjenborn på Folkestad hoppa i høyet i løda, heldt det lenge å seie løa der eg kom frå. Og mange andre ord med d var litt annleis frå min til andre sin heimplass. Vi fiska småsei, medan andre fiska småseid. Men i andre ord, der var vi vel samde. Det heitte saud både på indre søre og ytre søre.

No har eg høyrt julesongar i timesvis, og eg har glede av det. Men så kjem irritasjonen inn, når ein dugande nynorskmann som Olav Stedje i Jakob Sande sin julesong, syng Betlehems aue eng. Og han er ikkje åleine om det. Og då grundar eg litt: Kven har sagt at det skal heite aue eng. Er det fordi det er på nynorsk, og at nynorsken skal vere mest mogleg utan d-ar i seg. Det heiter då ikkje øemark på bokmål, og slettes ikkje auemark på nynorsk. Og dei som held andakter i radioen og brukar nynorsk, dei ber Vårherre om å råa. La viljen din råa…

Av og til lurer eg på om somme har gått på dramakurs i bakdommet på Det norske teater, for det synest som om nynorsk i dramatisk tale skal vere d-fritt.

Nei, eg veit ikkje kven som står bak, eller om det er nokon i det heile teke som har bestemt at d-skal bere mest mogleg ute av nynorsk talespråk. Det gjer i alle fall språket meir tannlaust!

I ein kjent kristen song heiter det: Eg råde vil alle i ungdommens dager…. No er denne songen på bokmål, og ingen vågar el å synge den med Jeg råe vil alle… Så kvifor skal d-en bort frå liknande strofer, om dei var på nynorsk?

Det er sjølvsagt lite pent å legge skulda på bokmålsfolket. Men av og til lurer eg på om det ikkje er slik at dei trur at di meir ein viskar ut konsonantane i nynorsken, di meir nynorsk vert det. Særleg konsonant d.

Arne Ola GrimstadØrsta

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!