Ein ny vegstandard med smalare firefelts veg kan auke den samfunnsmessige lønsemda i fleire prosjekt, opplyser samferdselsminister Knut Arild Hareide. Den første vegstrekninga som vart nemnd i den samanhang var E39 Ålesund–Molde.

Firefelts veg mellom Ålesund og Molde kan tenkjast der E39 og E136 overlappar kvarandre, då her er størst trafikk og lønsemda ved å auke til fire felt er størst. Dette er mellom Ålesund og Hjelvika i fall Romsdalsaksen skal byggjast, og mellom Ålesund og Ørskogfjellet i fall Møreaksen skal byggjast. Signala frå samferdselsministeren og trafikkgrunnlaget tyder ikkje på at det vil bli bygd firefelts veg i eit Møreaksen-alternativ heile vegen frå Ørskogfjellet til Molde no. Firefelts kan bli aktuelt til Hjelvika dersom Romsdalsaksen blir bygd, der trafikken då deler seg.

Det er meir rasjonelt og gir større fleksibilitet i trafikkavviklinga å utvide ein veg med to nye køyrefelt til fire når alternativet er å byggje ein ny veg med fire køyrefelt og behalde den gamle med framleis berre to køyrefelt. Tryggleiken blir betre med midtdelar, som kan byggjast frå Ålesund og heilt til Sølsnes, der flytebruer utgjer det siste vegstykket. Og det er vesentleg mindre kostnadskrevjande å byggje veg i dagen enn veg i tunnel, som og er eit argument for å samkøyre E39 og E136 så langt som mogeleg.

Frå Sølsnes til Lønset kan ny veg gå i to felt med bru over Fannefjorden, som erstattar den bratte og fuktige Fannefjordtunnelen. Dette vil komplettere den planlagde Langfjordtunnelen, og optimalisere ein fergefri veg til Åndalsnes. Det gir Rauma og Vestnes kortast mogeleg veg til sjukehuset på Hjelset. Ny veg Lønset-Hjelset er alt sikra. At Staten tar rekninga med bru over Fannefjorden vil spare fylket for store summar.

Når det gjeld strekninga Lønset-Molde, vil bortfall av fergetrafikken og fråver av gjennomgangstrafikk frå E39 truleg gjere firefelts veg unødvendig. Det er i alle høve forhasta å planleggje for firefelts veg no.

Med ei slik løysing er byområdet Fannestranda, friluftsområdet Retiro og friluftsområda mellom Julsundet og Molde berga for ettertida. Kommunane nord og aust om Molde vil med Romsdalsaksen få raskast mogelege veg sørover mot E6 og E39. Dermed unngår ein å bryte Statens vegvesen sine retningsliner for vegbyggjing og utfordre EU sin skepsis til undersjøiske biltunnelar.

No er det på tide at Nye Veier AS får ta ein titt på Romsdalsaksen for å få kartlagt realistiske kostnadstal og trasé-løysingar utan snubletrådar.

Lars ValderhaugTustna