Det er ikkje den første, og kanskje heller ikkje den siste, gongen ein pandemi råkar på tvers av landegrenser. Dess tettare vi bur og dess meir folk på jorda, til oftare skjer det. Sånn er biologiens dynamikk.

Smittepress er utrekna som ein funksjon av talet på dei vi møter. Smittepresset aukar eksponentielt med tal individ som er i kontakt med kvarandre. Dess fleire moglege kontaktpunkt, dess større sjanse er det for at smitten spreier seg. Difor blir det sett i verk smitteverntiltak med grenser for kor mange som kan vere saman når smitten er laus.

Koronaepidemien minner oss på kor sårbare vi er som menneske og samfunn, men også kor viktig det er at vi har ein velfungerande stat.

Midt i denne situasjonen er det lagt fram ei distriktsmelding og vedteke eit nytt statsbudsjett. Distriktsmeldinga avdekker at det trengst ein ny distriktspolitikk. Statsbudsjettet legg rammene for kommuneøkonomien og den statlege stimulien gjennom næringsfond og investeringar i verksemder over heile landet. SV vil løfte kommuneøkonomien og prioritere fellesløysingane. I vårt alternative statsbudsjett la vi opp til 5 mrd. meir til kommunane. For Ålesund sin del ville det betydd 67 millionar meir å rutte med neste år, og dermed fleire hender til dei lovpålagde oppgåvene.

Med låge renter og stort behov for omstilling trengst det ein offensiv stat. I programmet for neste stortingsperiode meislar SV ut ein «Grøn ny deal» for omstilling og industribygging for framtida. Norge treng ein politikk som evnar å stimulere til verdiskaping og demme opp for den sterke sentraliseringa. Vi skal kutte utslepp, bygge arbeidsplassar og fordele goda.

Men kva har pandemi, distriktspolitikk og statsbudsjett med kvarandre å gjere?

For meg er det klart at det er eit viktig strategisk grep å satse på gode lokalsamfunn over heile landet, for å bli mindre sårbare som samfunn. Det handlar om politikk, fordeling og prioritering.

Den sterke sentraliseringa og større og større byar gjer oss sårbare. Sterk byvekst krev store investeringar i bustader og infrastruktur, og legg press på den beste matjorda. Store einingar kan bety sterkare fagmiljø, men kanskje syner pandemien oss at det ikkje er så lurt å slå alt saman til større einingar? Dette gjeld både sjukehus utdanningsinstitusjonar og kommunar. Sentraliseringa utløyser ofte stordriftsulemper og meir sårbarheit.

Kanskje kan vi oppnå mykje av dei same positive synergieffektane som kjem av litt større arbeidsmiljø ved hjelp av ny kommunikasjonsteknologi, betre samhandling, og desentralisert utdanningsstruktur. Eg meiner mange mindre, men godt fungerande samfunnseiningar, er betre enn nokre få store dersom vi vil utnytte ressursane godt, ynskjer å utvikle eit robust samfunn som er trygt og godt å bu i.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!