Som journalist for Sulaposten intervjua eg legen ved Voss sjukehus i desember 2019. Nedrebø og kona valde å flytte frå heimen familien hadde budd i i årevis. Grunnen var Voss gondol. Berre 12 meter over tak, terrasse, bærbusker og grillplass sveva kabinar og kablar.

Nedrebø var ikkje åleine. Rettssaka i etterkant ramma 16 grunneigarar.

«Skitprat» kan kjennest som eit mildt uttrykk når så mange som sju-åtte hus må flyttast ifrå/rivast i Langevåg. Ei taubane frå Devold til toppen av Sulafjellet vil bli hengande over eit av dei tettast befolka områda i kommunen. Eit nabolag med fleire titals heimar vil verte råka.

«Innkik er det verste. Folk knipsar og filmar. På nattetid er det særleg ille. Då ser turistane rett inn i stovene våre». (Tor Nedrebø)

Ni vogner svevar seint og tidleg til restauranten på fjellet Hanguren (820). Berre førti sekund går mellom kvar passering langs den 2020 meter lange bana.

Dessverre blir ikkje situasjonen noko kjekkare i Langevåg. På dei vel 2,7 kilometerane frå Devold til Rundhornet (721) blir det planlagt 31 gondolar. Same kvar du er langs løypa, betyr det to gondolvogner for kvart minutt som går.

«Seks, kanskje sju master». Dette var talet utbyggar Knut Flakk presenterte for meg og Sulaposten for vel eitt år sidan. No har ingeniørane dobla talet til 14. Det er fleire enn vindmøller på Haramsøya. I snitt vil mastene stå med 200 meters avstand. Dei første alt på Molvær. Mellom husa på Bjørkhaugen vil den eine rage nesten 30 meter til vers. Likevel vil feiaren på enkelte hustak føle behov for å krumme nakken. Berre vel seks meter over skorsteinen vil metall- og glasboksane pendle.

«Vi visste ikkje. Vi trudde ikkje det skulle bli på denne måten». Tor Nedrebø på Voss fortel om politikarar som har oppsøkt han. Som har kryssa gata og beklaga konsekvensane. Slikt hjalp lite. For Nedrebø var det vanskeleg å tilgje lokalpolitikarar som klubba gjennom vedtak på rekordtid. Som sa ja til øydeleggjande inngrep mellom hus og på fjellet.

For Langevåg og Sulafjellet vert inngrepa større. Tenk deg ein veg brei og kraftig nok for maskiner, lastebilar, betong- og takkonstruksjonar. Kilometerane vert mange og krokete opp den bratte fjellsida frå Vassetvatnet til Vonhytta og til topps.

«Folk og politikarar var som hypnotiserte. Eg trur ikkje dei forstod konsekvensane.»

Orda tilhøyrer journalist Karl Ystanes i Avisa Hordaland – som dekkjer Voss. Ystanes har gått i hagar og følgt rettssakene i ettertid.

For Tor Nedrebø stod konsekvensane tidleg klare. Når han får presentert planane på Sula, kjenner han igjen spelet. Også her ein utbyggar som legg alle premissar. Som lovar og lokkar. På Voss opplevde Nedrebø at politikarane let seg imponere av store ord. Vil det skje på Sula?

Eitt råd gir vossingen på vegen. Ta kontakt med kommune og dei politisk valde. Fortel og forklar kva som vil skje med folk, naboskap og natur. Ingen må kome i ettertid og beklage at dei ikkje visste.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!