Då snakkar eg helst om banning: dei historiske bannorda som kjem frå djevelen og det mørke i religionsbøkene frå gamalt av og dei nye bannorda:namnet på kjønnsorgan, kvar folk kjem ifrå, og dei meir rettpå utsegna som er beint fram stygge og sagt for å såre andre.

Eg er ingen ekspert på noko som helst! Eg snakkar ikkje om bannord når ein slår seg, får sjokkerande beskjed og slike ting. Eg snakkar om den kvardagslege sjargongen eller ordbruken som er blant unge i dag. Før var ein gjerne uoppdragen, kom ikkje frå eit «møblert» heim osv.

Denne språkbruken kjem ikkje frå dei unge sjølve. Internett og sosiale medier må ta sin del av skulda, samt vi vaksne som kanskje har vore for sløve på den biten. Det kan vere det er så mykje å henge fingrane i og at det ikkje blir «viktig» nok.

Nokon meiner at banning er sunt å ha i språket sitt. Dei ifrå lenger nord i landet er meir vand med å bruke det i talen enn vi her på Nordvestlandet. Ungdomen får sett ord på dei negative kjenslene som må ut. Andre meiner ein kan bruke andre ord enn desse «stygge» orda. Eg meiner å bruke kraftuttrykk i daglegtalen er lite naudsynt. Kva slags uttrykk skal ein då bruke om ein verkeleg treng kraftig skyts?

Eg veit sjølv at når til dømes ein driv med idrett, kan det vere vanskeleg å halde tilbake orda når ein er sliten og engasjert. Når eg sei ifrå til yngre at dei må huske på språkbruken, då er som oftast svaret:» Det er berre ord, meiner ikkje noko med det».

Ord er makt, ordet er sterkt, ord kan vere sårande. Eg håpar ungdomen veks det av seg, håpar dei brukar gode ord til kvarandre og til dei vaksne i staden for nedsetjande ord som skapar dårleg kjensle hos mottakar. I min ungdom glapp h-ordet ut av meg i ein diskusjon med mi mor, det blikket ho gav meg var ikkje til å misforstå. Eg banna aldri til mine foreldre igjen. Gjev vi foreldre borna våre slike blikk i dag? Eg er usikker.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!