Møre og Romsdal FrP har i mange år arbeidd iherdig med å kutte ferjeprisane. Mange framlegg om reduksjon i ferjeprisane har blitt fremma, men kvar gong har dette blitt stemt ned av AP og SP som styrer fylkeskommunen her i fylket. Det same har skjedd i dei andre ferjefylka.

FrP ynskjer gratis ferjer både på riks og fylkesvegane i heile landet, og dette er godt forankra i nytt partiprogram. Derimot er det svært viktig for folk flest samt næringslivet med lågast mogleg ferjetakstar NO i heile landet, i ein svært krevjandes situasjon med pågåande pandemi. Møre og Romsdal FrP er svært nøgd med at Stortingsgruppa i neste veke fremmar framlegg i Stortinget om halvering, «50% reduksjon av ferjeprisane i heile landet med umiddelbar verknad».

Med signala både AP og SP har gjeve sentralt må dette framlegget bli vedteke. Møre og Romsdal FrP håpar alle parti sørger for 50prosent reduksjon i ferjetakstane NO, så kan resten fram til gratis ferjer bli lagt inn i statsbudsjettet for 2022.

Med 50 prosent ferjebillett og seinare gratis ferjer, vil dette ha svært store umiddelbare positive verknadar for tusenvis av innbyggjarar som kvar dag er avhengig av ferjer, frå øyer og langs kysten i heile landet.

Mange brukar mange titals tusen kroner i året på ferjedrift som no skal halverast og seinare fjernast heilt. Det same gjeld sjølsagt næringslivet, noko som vil medføre betydeleg vekst og utvikling.

Ferjebilletten er ikkje anna enn bompengar på fjordane, og FrP ynskjer dette fjerna NO.