Når Høgre i Sunnmørsposten fredag forsøker å framstille bompengar i bypakken I Ålesund med milliardbeløp som ei gladsak, blir dette å rundlure innbyggjarane. Ikkje noko nytt frå den kanten. Innbyggjarane skal betale herlegheita, og pengane vert sendt til Molde og til Møreaksen.

Ålesundarane og sunnmøringane elles må etter Høgre si meining fint finne seg i at deira vegprosjekt i hovudsak skal finansierast av innbyggjarane, samtidig som Høgre jublar over at Helge Orten og Torgeir Dahl har vunne fram med Møreaksen.

Kva sunnmøring finst som ynskjer å betale minst 500 kroner tur/retur gjennom Møreaksen, no når ferjene blir gratis?

Finn nokon ein slik person, så ring meg!

Møreaksen låser opp all finansiering av andre vegprosjekt her i fylket dei neste 12 åra, slik at innbyggjarane anten få svi gjennom svindyre bompengar, eller at prosjekta ikkje blir realisert pga. Møreaksen reiser med alle pengane.

Dette gjeld Lerstadvegen, som kunne vore fullfinansiert utan bompengar, ca. 2,5 milliard kroner. Det same gjeld også Blindheim – Breivika inkl. Veibustkrysset.

Skryte kan Høgre på Sunnmøre gjere av at det einaste dei har fått til er å sende milliardrekning i form av bompengar til innbyggjarane, og sørge for at enda ein gong stod Sunnmøre igjen på perrongen og såg toget gå til Molde.

Flott at Midsund og Aukra får fastlandssamband, men eit slikt samband kunne vore finansiert av ein femtedel av prisen som no går til Møreaksen, svært enkelt og uproblematisk.

FrP kjem til å kjempe for å stoppe bompengehysteriet i Ålesund, og fullfinansiere både Lerstadvegen, Blindheim- Breivika og Veibustkrysset, noko som berre er ein brøkdel av kostnaden til «omvegen via Møreaksen» til Molde.

Frank SveFylkesleiar, gruppeleiar og 2 kandidat til Stortingslista for Møre og Romsdal FrP

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no