Eg var sjølv imot at Ørskog skulle slå seg saman med Ålesund fordi skilnadane er for store i handtering av saker i by og land. Mi meining og ynskje var at kommunane mellom Ålesund og Molde kunne gå saman i ein landkommune som ein likeverdig partnar til byane i utviklinga av regionen, samstundes som dei kunne yte gode og kvalifiserte tenester til innbyggarane sine. Samtalane i forkant av folkerøystingane viste at det den gong ikkje var vilje til ei slik løysing.

Når no røyster både i Haram, Ørskog og Skodje hevar seg for å lausrive seg frå Ålesund kommune og Vestnes kommune slit økonomisk, bør alternativet med landkommunane takast opp at.

Sjølv om Haram til slutt skulle velje å sigle sin eigen sjø vil Skodje, Ørskog og Vestnes vere ei homogen eining som har dei same utfordringane og svar på desse. Avstandane mellom ytterpunkta er overkomelege, der europavegen er hovudbindeleddet.

Etter mi meining var/er Ørskog for liten til å vere eigen kommune ut frå dei statlege tilskotsordningane som gjeld. Det er ikkje å forvente at ei lita kommune som Ørskog skal kunne sitje på nødvendig kompetanse åleine slik som samfunnet har utvikla seg. Saman med dei andre landkommunane vil dette vere mogeleg, samstundes som kompleksiteten i sakshandsaminga er mykje meir lik enn til dømes i byområda.

Lokalkunnskap er også ein kunnskap som er viktig når saker skal avgjerast. Eg har ikkje skrive under oppropet på Facebook om einsidig å ta Ørskog ut av Ålesund.

Eg har erfart sakshandsaming på fleire felt både før og etter samanslåinga der ingen får «bestått». Det er ikkje på grunn av uvilje frå tilsette eller frå «systemet», men mangel på kompetanse i vid tyding.

Ein skal heller ikkje stikke under ein stol at innbyggarane i dei tidlegare landkommunane ikkje er særleg opptekne av utviklingsplanen for «Sørsida», Framtidslaben, Bypakken med sine bomstasjonar og Brosundtunellen. Vi er meir opptekne av at tenestetilbodet der vi bor er forsvarleg til ein forsvarleg pris. Det er den ikkje storkommunen Ålesund.

Den gamle regla gjeld framleis: Like barn leiker best!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!