Ikkje det? Om det er slik at dei norske CO₂-utsleppa berre er eit musepiss i havet, kva er då min eingongsgrill i skogen mot alt søppelet andre kastar. Eller vår plastforsøpling mot alt som asiatiske elvar pumpar ut?

Skal vi gå i spissen og kutte først, berre fordi vi er blant dei rike landa som har forureina mest og lengst?

Vi er jo så få?

Rusk i forgassaren

Klima er i ferd med å bli ein av dei viktigaste sakene i årets stortingsval. Den hakka seg inn i valkampen denne veka med litt rusk i forgassaren – eller kanskje tett dieseldyse, sist veke.

Frå FN sitt klimapanel la fram sin sjette klimarapport tok det ei veke før partileiarane barka saman i klimadebatt på NRK tirsdag.

Fram til då hadde spørsmålet om kven Trygve og Jonas skal ha til bords teke det meste av rampelyset.

Bordplassering i eit bryllaup kan i visse familiar vere minst like utfordrande som samlivet etterpå.

Også i den raud-grøne.

Miljø seglar opp

Viktigast for veljarane er likevel dei gode og vonde dagane etterpå. Ei måling Nordstat har gjort for Aftenposten syner at miljøsaka har klatra i betydning dei siste vekene.

Veljarane set no dette på topp ved partival, rett etter sosiale skilnader – og langt over forsvar, innvandring og samferdsel.

Blant unge har klima og miljø blitt særleg viktig. Både i Oslo og på Vestlandet er miljø heilt på topp. Miljø betyr også mest der det bor flest – i byar med meir enn 50.000 innbyggjarar.

Desse byane har totalt 2,5 million innbyggjarar.

Altså halvparten av oss.

For lite – for seint

13. september er det val. 13. oktober legg Erna Solberg fram statsbudsjettet, og gjer truleg samstundes klar for flytting og nøkkelseremoni. Knappe tre veker etterpå startar klimatoppmøtet i Skottland sin største by, Glasgow.

Etter den siste klimarapporten og den siste tida sitt ekstremvêr er presset på verda sine leiarar større enn på lenge.

Skal toppmøtet verte ein suksess, må dei bli samde om å kjappe seg. Vi har bråhast om vi skal nå målet om netto nullutslepp innan 2050. Målet om å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader ser vi alt ut til å gleppe på.

Det er gjort for lite og for seint.

«Alle» vil så gjerne

Tilbake til norsk valkamp, valet 13. september og søppelet frå min skogstur.

Partia på Stortinget er ikkje usamde om at vi må kutte utsleppa. Her er dei på line med verdsleiarar som Angela Merkel, Emmanuel Macron, Boris Jonson, Joe Biden, António Guterres og Xi Jinping.

«Alle» meiner at utsleppa må kuttast og at det hastar. Alle vil så gjerne

Først på spørsmål om korleis, kven, kvar og til kva pris, spissar det seg til.

Ein sliten muskel

Å setje seg ambisiøse mål er enkelt. Verre er det å bestemme kva som må til. Endå vanskelegare er det å gjere det.

Slik er det med det meste. Slik er det om ein vil slanke seg. Slik er det når klimautsleppa skal ned.

Viljen kan fort bli ein sliten muskel.

Skilnaden er at når ein kranglar med badevekta, er det ingen andre å peike på.

Når vi kranglar om klimakutt, kan vi peike på alle andre – både om skuld og ansvar for å handle.

Peikeleiken

India, seier vi – eller Kina, USA, Polen eller Tyskland.

Målt i absolutte tal er det klart at utsleppa der er større enn det vi i vesle Norge står for. Då kan vi godt seie at våre utslepp er som eit musepiss i havet.

Difor kan vi også godt peike på dei store utsleppsnasjonane sitt ansvar.

Feil blir det om vi ikkje rettar peikefingeren mot oss sjølv.

Fordi vi er få.

India er verda sin fjerde største utsleppsnasjon.

Fordi dei er mange.

Smarte ryddar sjølv

Per innbyggar er Norge ein langt større syndar enn India.

Om vi – i Norge, på Sunnmøre, på Sjøholt eller i eiga familie, hadde hatt like lave utslepp per innbyggar som India, då hadde vi langt på veg vore i mål.

Norge har ingen eiga atmosfære. Den har vi saman med alle andre.

At vi er få, kan derfor ikkje forsvare våre utslepp.

Det er smart å plukke opp søpla etter seg på tur.

Særleg fordi vi kastar meir enn dei fleste.