Når eg les Tidens Krav (TK) og avsløringane om hemmeleg korrespondering for å hindre fakta angåande Romsdalsaksen, kan ein saktens stille seg spørsmålet om vi lever i eit utvikla demokrati eller ein bananrepublikk.

Når Sunnmørsposten og Geir Strand skriv at det omtrent er sunnmøringane som er idiotar som ikkje forstår at Torgeir Dahl, Helge Orten og Møreaksenforkjemparane berre er kjekke, snille og greie, «som er så greie at dei lar sunnmøringane få lov til å betale for mesteparten av Møreaksen utan å bruke fjordkryssinga» – burde dei fleste få eit alvorleg rykk i foten, for her er det ugler i mosen.

Kva er Sunnmørsposten si rolle i Møreaksen-saka?

Når TK sin Arild Myhre faktisk gjer jobben med kritisk journalistikk om Møreaksen, blir arbeidet til Myhre grunnlaget for karakteren meget til svært godt, kritisk journalistikk om Møreaksen som Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke har forsøkt å undergrave i lang tid og som framstår som journalistisk arbeid som garantert hadde fått strykkarakteren: Ikkje bestått!

Når vi har ein statsetat, Statens vegvesen region midt, som bevisst gjer forsøk på å undergrave det dei sjølve er imot, nemleg Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden, veit eg rett og slett ikkje kva eg skal seie lenger. Demokratiet i Norge er bygd opp av tillit og openheit, der statleg forvaltning skal ha legimitet og truverdigheit i befolkninga. Det Statens vegvesen i lag med partiske personar rundt Møreaksen, kan garantert ikkje halde som grunnlag for gode norske demokratiske prinsipp. Kven styrer og dreg i trådane rundt Møreaksen? Kven har personlege interesser i saka? Kven hjelper kven? Kvifor blir milliardprosjekt handtert slik? Kven i Vegdirektoratet har godkjent dette? Kven i regjeringa og i Høgre, Sp og Ap har godkjent dette? Kva er faktisk rolle til Orten og Dahl i saka? Korleis kan eit milliardprosjekt bli til slik? Er Statens vegvesen habil i saka? Og når vil Romsdalsaksen bli behandla med respekt?

Eg er rysta og sjokkert, og tenker, kva må vanlege folk tenke om det som skjer eller ikkje skjer på Stortinget?SP og Jenny Klinge og Geir Inge Lien forgudar Møreaksen Ap og Kjølmoen det same, og Høgre ved Orten og Vetle Vang Solheim kan vi berre parkere i suppa Møreaksen. Nei, kva skal ein seie?

Denne avsløringa som TK og Arild Myhre har lagt fram, vil garantert hamne i Riksrevisjonen og som høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget. Eg og Frp har svarer klarare enn på lenge, stopp Møreaksen!

Frank Sve

Fylkesleiar, gruppeleiar og 2.-kandidat til Stortingsvalget for Møre og Romsdal Frp

Frank Sve, Frp Møre og Romsdal. Foto: Staale Wattø