Eg er samd med Strand. Når ein snakkar med folk i Ålesund er det ille å høyre på kva ord dei kan bruke om grannane våre. Eg trudde slik provinsialisme var ute av soga no med alle dei fagfolka frå ymse nasjonar som er i arbeid i fylket. Men nei, ikkje når det gjeld dei på andre sida av fjorden!

Sonen til Hårek spør faren; kvar er midten på jorda? «Det», seier Hårek, «er der eg stende!» Dit er vi komne i diskusjonen om fjordkryssinga og. Sume ser verda frå Stranda. Det dreier seg om å frakte matvarer beinast mogleg sørover, austover og nordover. Det er lov å kjempe for sine særinteresser. Men det er ei alvorleg ulempe med den indre fjordkryssinga. Den byggjer berre Stranda. Den skapar ikkje ein einaste arbeidsplass elles, kanskje ikkje på Stranda heller.

Av litt større stader er denne vegen berre innom Stranda, og Tingvoll? M & R er ikkje eit jordbruksfylke, det er eit havfylke. Den ytre lina, Møreaksen, som er føreslått og vedteken av Stortinget, er meint å støtte opp om havindustrien. Fisken i havet og industrien omkring den er berebjelken i fylket. Møreaksen skal m.a. binde saman verksemdene knytta til denne bjelken sør og nord for fjorden og skape ei sams arbeidsplattform på alle område. Det skal bli lettare for industrien og arbeidssøkjarane å finne fram til kvarandre utan at reisetida blir eit for stort problem. På alle område, arbeid og kultur av alle slag, blir området større og rikare.

Det er ei spanande framtid og ved Møreaksen. Regjeringa har peika ut nokre hydrogenproduksjons-punkt, men ikkje alle. Det ville vera meir enn merkeleg om ikkje Aukra er med i vurderingane som eit av punkta. I meldingar ser vi at Røkke og Shell ser på om det er mogleg å produsere hydrogen på Aukra for eksport til England. Det ville vera enda merkelegare om det ikkje vert lokalproduksjon for Noreg der og.

Med Møreaksen kan sunnmøringane søkje arbeid på Aukra. For mykje i bompengar? Om så har vi Frp!

Eg er ikkje redd tunnelar. Om vegen går rett gjennom fjellet, oppover eller nedover, spelar inga rolle for meg. Eg skal berre igjennom. Om tunnelen tek djupna i eitt jafs eller ein gjer mange små hopp, blir resultatet det same, opp og ned til ein er ferdig.

Eg vil stemme for byane og industristadane ved kysten! Denne landbruksaksen, Stranda – Tingvoll, har eg liten sans for. Prisen? Ja, men staten vil vera med å betale. Eg ser sume er ute med matematikken. At dei tør! Kva for faktorar skal ein rekne med da? Brukar ein dei rette tala, ville kanskje bygginga av Nordøyvegen enda med at det beste ville ha vore å flytta heile hurven inn på turt land!

Han Dahl? Han er flink og, men han gjer berre det som politikarar har gjort til alle tider, følgjer opp sakene som han har interesse for. Til Smp.; Kan vi få eit resyme av kva Frank Sve sa om kontakten sin med kameraten i Samferdsledepartementet da diskusjonen om Nordøyvegen gjekk som hardast? Dahl har gjort ein stor politisk feil i det siste. Ja, statsministeren og. Kvifor måtte ho stille opp ved grunnsteinnedleggjinga på Hjelset? Slik makt-hovering set vondt blod i politikken.

Som menig veljar meiner eg at politikarane våre rotar no. Dei har fått pengar til ein veg så langt som inn på NTP, og så set dei i gong med omkampar og «vert til både lått og løgje» i politiske miljø elles i landet, som får pengane Møre-politikarane ikkje vil ha.

Nei, bygg Møreaksen., Den er framtidsretta for området, og på alle område.