For det første har her vore ei mindre gruppe svært aggressive motstandarar av vindkraftverket som har brukt til dels ulovlege og stygge framgangsmåtar på eit nivå som eg vil betrakte som eit lavmål. Eg vil nemne nokre ting.

Kyrkja

I januar 2020 vart det kunngjort frå kyrkja at etter ei av gudstenestene i februar skulle leiar i Nei til Vindkraftverk på Haramsøy, Birgit Oline Kjerstad, snakke om si sak og sin kamp. Vi var fleire som då meinte at denne saka ikkje hadde noko i kyrkja å gjere, og eg kjenner til at både prest og soknerådsleiar vart åtvara mot å gjennomføre dette. Dette vart likevel gjennomført, og eg var sjølv til stades.

I ettertid vart det utarbeidd ei ny forbøn som vart teken i bruk under gudsteneste i Haram Kyrkje sommaren 2020. I tillegg gjekk presten ut med dette i Sunnmørsposten, og han opplyste då at han hadde hatt møte med ein organisasjon som organiserer alle 26 grunneigarane på Haramsfjellet og drøfta denne forbøna med dei. Dette var direkte feil, og det at han gjekk ut i Sunnmørsposten og beskreiv ein kamp mellom to organisasjonar som kjempa for og mot vindmøller på Haramsøya, skapte sterke reaksjonar. Etter dette har det vore fleire møte, forbøna er endra og brev med orsaking har har gått ut frå sokneråd og prest til mange av dei som reagerte.

Aksjonar

Av andre ting som eg ser på som lavmål er alle dei tallause aksjonane som nokre av motstandarane har gjennomført for å stoppe folk og anleggsmaskiner frå å komme på land frå ferja samt å komme opp på Haramsfjellet. Ikkje minst vil eg nemne plakatane dei bar i desse aksjonane. Ein lærar i skulen på ei av øyane her bar ein plakat der det stod «9. april» på.

Boikott

Så har motstandarar i sosiale media oppmoda om boikott av grunneigarane på Haram, av produkta dei leverer og organisasjonane dei leverer til. Ein tilsett på eit kommunalt kontor hengte seg også på denne tråden og kom med tips om gode alternativ til Nortura og Gilde som var Q-meieria og Nordfjordkjøt. Vedkomande har framleis stillinga si og handsamar mange saker som vedkjem desse grunneigarane.

I tillegg har det vore oppfordra til boikott av alt frå daglegvarebutikk, kafé, næringsdrivande som leiger ut lokale til utbyggar eller på ein eller annan måte har samarbeida med utbyggarane. Det at arbeidarar i Stangeland har handla på butikken eller fått levert mat frå kafeen, har vore nok til at det har vore oppfordra til slik boikott!

Ikkje øydelagt

Så skriv motstandarar fleire ting som ikkje stemmer. Det vert hevda at øya vår og fjellet vårt er øydelagt. Sanninga er at vindmøllene står på den ytste enden av Haramsøya, og her er mykje fjell på Åkre, Myskja og Austnes med mange turstiar der ein kan gå på fjelltur i timevis utan å vere nær Haramsfjellet.

Så skriv dei at boligeigedommar vert verdilause. Dette stemmer ikkje. Dei to siste åra har det vore omsett mange hus, både fritidsbustader og heilårsbustader. Dei fleste av desse har vorte seld på relativt kort tid og til rundt takst. Prisane på desse har helst vore høgare enn dei prisane som har vore oppnådd tidlegare.

Splitta

Det motstandarar har heilt rett i er at folket og familiar her på øya har vorte splitta. Det vil eg gi motstandarar alt ansvar for! Det er berre motstandarane som har køyrt hardt på i alle media, medan ingen andre som eg har sett til denne tid har latt seg provosere til å stille opp i noko media.

Som døme på kva som har skjedd vil eg ta fram vår eigen familie. Den dagen Hans Petter Thue vart taua ned frå der han sat i sin eigen bil og sperra vegen opp til Haramsfjellet, stod ein person i nær familie av oss og ropte med høg stemme at han ville sprenge i fjellet slik at eit hønehus som ligg ved fjellfoten vart knust med eigarane inni. Eigarane av dette hønehuset er tre unge bønder på Haram. Denne episoden vart filma og vart liggande i ei veke på sidene til Nei til Vindkraft på Haramsøy.

Ordføraren

Ordføraren i Ålesund gjekk sommaren 2020 høgt på bana og lova å snu alle steinar for å stoppe denne utbygginga. Ho fekk fleirtalet i kommunestyret i Ålesund med seg og gav 500.000 kroner til ein organisasjon som har nytta svært stygge verkemiddel for å drive sak mot staten. Tenk det! Då ein del motstandarar ikkje var fornøgde med innsatsen hennar for å stanse utbygginga, fekk ho æra av å få namnet sitt på ein plakat der det no står: «Når Erna, Tina, ordførar og varaordførar sviktar; Gud signe vårt dyre fedreland».

Nordøyvegen

Det som har undra meg er at mange motstandarar er så opptekne av at naturen vert «øydelagt» av denne utbygginga, medan det går føre seg ei langt større utbygging over mange øyar utan at nokon reagerer på det.

Til slutt vil eg skrive noko positivt, fordi her er mykje positivt også på Haramsøya.

Nordøyvegen som vert ferdig i 2022 er svært positiv for heile området. Vindmølleparken meiner eg også er positivt. Når alt dette står ferdig har eg tru på at dette vert ein turistattraksjon slik som for eksempel Atlanterhavsvegen har vorte det. Når den første delen av Nordøyvegen opnar i slutten av dette året, kan ein køyre til Lepsøya og Haramsøya utan å betale bompengar heilt til siste del opnar ca. august 2022.

Etter den tid vil ein kunne køyre mellom alle øyane utan å betale bompengar. Her er mange hytter ein kan leige, og fleire er under oppføring. Eg for min del trur at mange av dei som tek turen over Haramsfjellet etter at vindmølleparken er ferdig, vil verte overraska over kor fint det har vorte på fjellet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!