Sem son til Noah. Semittiske folk omfattar i dag først og fremst jødane. Israel jødane sitt land og den einaste demokratiske staten i Midt-Austen, vert stendig utsett for ulike former for hat og truslar. Slik også i vårt eige land, dessverre.

For ikkje lenge sidan fekk vi via TV-skjermen oppleve at norske ungdomar samla til AUF-leir på Utøya taktfast ropa: «Boikott Israel!» På eit svært banner kunne vi lese det same! Boikottvedtak har også vorte gjort i norske kommunestyre og fylkesting – heilt utruleg at slike saker kjem på dagsorden i desse organa. Vedtaka er endå verre.

Vi opplever at leiande norske media med NRK i spissen stendig nyttar overskrifta «Israel angriper» når konflikten med Palestina medfører våpenbruk. Dette er oftast direkte feil. Israel forsvarer seg mot angrep frå naboane på Gazastripa. Skal Israel sitje å ta mot mengder av rakettar utan å løfte ein finger frå ein terroristhær som har ei klar målsetjing: Å utslette staten Israel? Israel er ikkje alltid uskuldig, men vert oftast gjort til syndebukk for det meste av ulike negative handlingar.

Dette litt lange og vanskelege ordet antisemittisme vert oftast nytta i samband med fiendtlege haldningar og handlingar retta mot jødar fordi dei er jødar. I mange tilfelle vert fiendskapen retta mot jødane sitt heimland Israel. Vi treng å hugse handsaminga av jødane før og under siste verdskrig. I nær 40 år hadde vår eiga grunnlov forbod mot at jødar kunne kome til landet vårt. Fiendskapen kan kome til uttrykk på ulike måtar og med ulik grad av styrke. Vi kan oppleve dette gjennom trakassering, segregering, vald og forfølging. Vi finn haldningane også i kulturelle førestillingar om jødar og jødefolket.

Vi har nyleg hatt val til Storting i landet vårt. Ved å gå gjennom lista over nyvalde representantar, merkar vi oss fleire av desse har vist anti-israelske haldningar. Dette er med å dra vår nasjonalforsamling i feil retning. Det vert rett spanande å følgje utviklinga i leiande politiske organ når det gjeld Norge si haldning til Israel.

Norge er ein av medlemmane i FN sitt Tryggingsråd. Israel har i ei årrekkje vorte utsett for ei rekkje vedtak og resolusjonar som urettvist går Israel imot. Norge har så langt fylgt den store hop. Eg vonar, men har dårleg tru på at Norge vender attende til den langt meir Israelvennlege haldninga som prega norske politikarar for ein del tiår sidan.

Dessverre opplever jødefolket som folk og enkeltmenneske sterke negative uttrykk frå land og folk rundt i verda. Vårt eige land er ikkje noko unntak. Som ein fri og demokratisk nasjon har vi eit ansvar for å bidra til langt meir positive haldningar overfor jødane. La vi starte konkret: Norge bør flytte sin ambassade i Israel til Jerusalem og såleis godta at denne byen er landet sin hovudstad. Vegen vidare for å fjerne all antisemittisme må vi gå saman om!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!