Eg er stolt av folket på Haramsøy som tok opp kampen om fjellet. Viktige spørsmål har vorte sett på dagsordenen. Dette har ført til at konsesjonsreglane har vorte endra, og det er stor semje om at prosessane rundt dei gamle konsesjonane var alt for dårlege.

NTVH har hatt ein motpart og de er staten, ikkje grunneigarar eller nokon andre lokalt, og det har vi vore tydelige på heile tida. Eg er glad for alle som har teke kontakt om ting, og mange misforståingar og samtaler har vore teke direkte. Styret for Nei til vindkraftverk på Haramsøy står ikkje til ansvar for alt nokon kan ha sagt eller gjort, tolka eller spreidd av rykter.

Eg har stor respekt for Rolf Haram sin arbeidsinnsats og ei drivande kraft i landbruksmiljløet på Haram gjennom eit langt liv. Alle veit at planane om vindkraftverk i si tid var motivert av å få ting til, og skape «utvikling». Men heilt frå starten har det vore usemje om dette prosjektet på grunn av viktige fugletrekk, fuglefredingsområder og at øya er så lita. For mange kom utbygginga som eit sjokk. Det hadde den ikkje gjort om NVE hadde fylgt prinsippa i forvaltningslova om at alle som er berørt av eit tiltak skal verte opplyst om dette og gjennom det gjort i stand til å ivareta sine interesser før viktige vedtak.

I eit innlegg i avisa for litt sidan fell Rolf Haram ein knusande dom over både einskildpersonar og institusjonar i ei skikkelig utblåsning der han nører opp under at dette først og fremst er ein lokal og personleg konflikt, noko det ikkje er. Ytringsfridomen skal vi halde høgt, men eg vil gjere merksam på at ein god del av det som sto i innlegget er tolkningar og samanstillingar som må stå heilt for Rolf Haram si eiga rekning.

Framstillinga inneheld feil, mellom anna om setninga som vart sagt i facebook filmen som var direktesendt av ein tilreisande den dagen maskinene køyrde opp på fjellet. Det er viktig å få med seg at dei mange som stod rundt personen som kom med våbøna, tok affære med ein gong og gav tydelig beskjed om at det han sa ikkje var greitt. Eg kom dit litt seinare den dagen. Vi var først og fremst lei oss og eg husgar vi gjekk og snakka om at ungdomane hadde arva avtalane og at det kun er staten som har ansvaret for å ha gitt konsesjon og som kan gjere noko med den.

Rolf Haram nemner mitt namn spesielt og er svært kritisk til at eg takka ja til å snakke om kva naturen og fjella betyr for meg i kyrkja. Om det var klokt av soknerådet å stelle i stand den samlinga er det sikkert ulike meiningar om, men mange sette pris på den stunda i kyrkja med refleksjon og ettertanke. For svært mange er det ei stor sorg at fjellet vart utbygd. Sorg er ei kjensle som kjem på grunn av eit opplevd tap. Den skal ingen skamme seg over eller klandrast for.

Eg kjenner personar andre stader som ber på sorga over tapt landskap i det stille og skjuler den, det er heller ikkje så bra. Det har vore vanskeleg for mange å akseptere denne utbygginga, men om vi ikkje hadde teke denne kampen med staten, er det ikkje sikkert at det hadde vore lettare å gå videre enn det er no. Kanskje er det behov for samtaler og evaluering , men erfaring frå andre land syner er at det er best å ta det i mindre grupper og i direkte samtaler.