Då må vi ta godt i mot dei som vel å utdanne seg som lærarar, og gje dei ein god start i yrket. Enkelte sider ved yrkesutøvinga vert lært best i yrkeslivet. Lærarutdanninga kan ikkje fullt ut førebu lærarstudentane på kvardagen i skulen og barnehagen. Vi veit at overgangen frå å studere til yrket er stor. Mange kjenner på praksissjokket og vaksensjokket. Denne overgangen vil bli betre og lettare om ei har god rettleiingsordning.

Det er politisk semje om at Norge treng nasjonale rammer som bidreg til at alle nyutdanna lærarar i barnehage og skule vert omfatta av ei rettleiingsordning. Men rammene for rettleiing av nyutdanna lærarar i barnehage og skule er ikkje forpliktande nok. Ei fersk undersøking i regi av Rambøll avdekka at ca. 40 prosent av de nyutdanna ikkje får rettleiing i det heile, og at både kvaliteten og omfanget er varierande.

Å gå frå å vere student til å bli lærar i barnehage og skule er ein stor overgang og ein skal inn i ei ny rolle. Rettleiing frå ein kyndig mentor bidreg til ein reflektert og bevisst utvikling av identiteten som lærar. Den nyutdanna blir raskare trygg i rolla – og blir ein del av profesjonsfellesskapet. Ei god rettleiingsordning sikrar og at den nyutdanna kan dele ny og oppdatert kunnskap med sine kollegaer, noko som kan gjere barnehagedagen for borna og skuledagen for elevane endå betre.

Nyutdanna lærarar som har fått rettleiing er meir positive til det første året som lærar enn lærarar som ikkje har fått rettleiing. Dei som har fått rettleiing er og meir samde i påstanden om at dei framleis arbeidar som lærar om fem år. – Rambøll 2021

Difor meiner vi at retten til rettleiing vert forskriftsfesta. Det må vere forpliktande nasjonale krav til omfang, rammer for innhaldet og kompetanse hos dei som skal rettleie.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!