Det gjeld Smøla og det gjeld Harøya. Er det ein god ide?

Solenergi er ein energiform som er der når det er lyst. Det er difor ein typisk energiform som må kome i tillegg til straum produsert på anna vis. Får ein til å varme opp varmvasstanken, lade bilen, vaske klede osb. når solcellene produserer, så er ein truleg på sporet av noko. Då kan dette vere ei god energiform. Føresetnaden for at solenergi skal vere gunstig er at solcellene er nær der vi bur.

Er dei på hustaket til den som bruker straumen, så kan vi truleg spare oss for ein del forsterkingsarbeid av kraftliner. Det er ganske vesentleg. Solcelleanlegg i terrenget tar plass. Dessutan vil terrenget bli forma i menneske sitt bilete, så dette er ikkje inngrepsfritt.

Når vindkraftanlegget skal avviklast og området skal førast tilbake som det står i konsesjonsvilkåra, så er ikkje tilrettelegging for solcelleanlegg eit svar på det kravet. Men det bør ikkje vere til hinder for ei storstila satsing på solceller frå fylkeskommunen si side. Viss ein lagar ordningar som gjer det lett for huseigarar å legge solcelleanlegg på hustaket, så må det vere mogleg å produs

ere mykje solcellestraum i Møre og Romsdal. Heilt utan å bruke naturen for å få det til, taka er der allereie. Det er ganske vesentleg.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!