Kuttlista i kommunen er vond og lang, men det er grunn til å minne politikarane om at Eidet skule faktisk er ei samanslåing: Tre skular skal bli til ein.

Ved Tennfjord skule er bomberom, brakkeriggar og ungdomshus teke i bruk som klasserom. Situasjonen er uhaldbar, uteområdet er ulovleg og trafikkfarleg, og der er no dobbelt så mange elevar som skulen er meint for. Dyre strakstiltak må til, totalt vekkasta når nyskulen står klar.

God opplæring for borna våre er eit kommunalt kjerneområde. Når det i tillegg er god økonomi og eit sparetiltak i desse tider bør det vere openbert kor avgjerda skal lande ned. Eidet skule må ikkje skubbast ut i tid, men byggast så fort som råd.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!