Ho har skrive at eg fell ein knusande dom over både enkeltpersonar og organisasjonar, og at eg nører opp under konflikten på øya. Vidare hevdar ho at eg gjengir feil det som vart sagt frå fjellet, noko det ikkje er. Dette har vi opptak av.

Ho meiner at styret i NTVH ikkje kan ha ansvar for det enkeltpersonar kan ha sagt eller gjort. Eg forstår godt at dette er ubehageleg no, men sanninga bør uansett fram.

Etter at innlegget stod på trykk har eg fått mange henvendelsar, også frå vindkraftmotstandarar, og tilbakemeldingane har vore at det var viktig å få fram denne sida av historia også.

Birgit Oline Kjerstad framstiller seg sjølv og styret i NTVH som å berre ha retta kampen mot myndigheitene. Samtidig skuldar ho meg no for å nøre opp under at dette er ei lokal konflikt. Sjølve skreiv dei i ei pressemelding fylgjande: «Det blir i tillegg eit folkehelsespørsmål når personar som tener på utbygginga har fått slik informasjon, medan dei som berre taper ikkje har fått informasjonen dei har lovmessig rett på. Kjensla av å verte overkøyrd av ein kynisk utbyggar, sviken av naboen og staten er ikkje god.» (Mi understreking).

Det Birgit Oline og NTVH her gjorde var å nøre opp under misunning, og når det også vert hevda at naboar har stått for eit svik så er det faktisk svært langt unna å berre rette kampen mot myndigheitene. Dette er langt frå einaste gongen dette sviket har vore nemnt.

For meg verkar det som Birgit Oline Kjerstad ikkje forstår kva som ligg i det som vart skreve, men dette har utan tvil hatt stor betydning for den konflikten som oppstod og framleis er på øya. For meg verkar dette uforståeleg og uforeinleg med å hevde at NTVH berre har retta kampen mot myndigheitene. Når NTVH stadig hevdar dette, så er det i beste fall uforståeleg og i verste fall bevisst dobbeltkommunikasjon.

Elles forsvarar ho at ho deltok i gudstenesta. Den saka eskalerte nok til eit heilt anna nivå når presten var ute i media med uriktige opplysningar og ei ny forbøn som tok inn «dei som er mot og for vindkraft» og hevda at det var ei konflikt mellom organisasjonar lokalt.

Når Birgit Oline Kjerstad forsvarar dette, så skriv ho om sorg og kjensler. Men kva då med alle dei som føler dei har mista kyrkjelyden si? Alle dei som ikkje har lyst til å gå i kyrkja lenger?

Det er nok eit faktum at det har vore ei lita kjerne av svært engasjerte motstandarar som med sin opptreden har forårsaka mykje ukvemsord og det som verre er her på Haramsøya. Så får vi håpe at alt det positive med mellom anna Nordøyvegen vil gje oss ei betre framtid utan slike konfliktar!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!