Budsjettarbeidet for 2022 og dei næraste åra er i sluttfasen. Eg har så langt ikkje registrert eit einaste positivt presseoppslag frå framlegg og drøftingar så langt.

Underskotet veks

Før vi ser litt framover, bør vi stoppe litt ved situasjonen for 2021. Vi kan her konstatere at nedskjeringar er gjort, frå administrasjon og politikarar. Verknaden har tydeleg vore minimal. Seinast i Smp 5. oktober kan vi lese om at meirforbruket i høve budsjettet for 2021 berre aukar! Alle ansvarlege leitar etter måtar å spare og kutte, medan underskotet berre veks. Nær 100 mill. er tala vi no får presentert for juni og juli, der godt 20 mill. skriv seg frå kommunedirektøren sine stabar. Dette er ikkje nokon lysteleg nosituasjon.

Alle må kutte

Kommunedirektøren har for få dagar sidan orientert politikarane om kva ho meiner må gjerast for 2022. Vi kan her vise til oppslag i SMP 29. sep.: «Slik kan Ålesund spare 250 millionar kroner». Dette er veldig store utfordringar som ligg framføre, er hennar kommentar. Her er det ikkje tale om mindre justeringar! Alle sentrale tenesteområde må etter dette utkastet spare og dermed skjere ned på drifta. Dette kjem dessutan på toppen av det vi har opplevd av kutt dei to første åra av Ålesund si levetid.

Nokre hovudpunkt frå Vikhagen sine tal:

– Skule/oppvekst: Kutt min 83 mill. – der vi får nedlegging av skular og store kutt i m.a. spesialundervisninga.

– Helse/omsorg: Kutt min 82 mill. – der m.a. 90 institusjonsplassar skal vekk.

– Kommunedirektøren sin stab: min 27 mill. m.a. reduksjon i staben med 25 årsverk.

– Andre område må og tole kutt – alvorlege nok der dei råkar.

Så kjem eigedomssjefen med sine framlegg til kutt og endringar (Smp 1. oktober.) Ei lang liste over vedtekne prosjekt må truleg leggjast vekk eller utsetjast. Dei største prosjekta er m.a.: Eidet skule 245 mill.), Skodje u.skule (37 mill.), Tennfjord barnehage (37 Mill)., Borgundvegen 199 (247 mill.), Osane Idrettshall 100 mill.), Badeanlegg Brattvåg (127 mill.) Helsebygg Moa (115 mill.), Sørsida kulturbygg (200 mill.), Brannstasjon (84 mill.), Valle barnehage (14 mill.), pluss noko til. Ulike deler av kommunen og ulike grupperingar i folket har sine høgt prioriterte prosjekt, der tolmodet er i ferd med å renne ut.

Umogleg oppgåve

Eg konstaterer at alle deltakarar i budsjettarbeidet fram til vedtak i desember får ei vanskeleg og nesten umogeleg oppgåve. Faren er at det heile endar opp i «papirvedtak» der situasjonen utover i 2022 berre held fram med nye overskridingar lik tilhøva i 2020 -21.

Årsaker til at kommunen har hamna i denne hengjemyra er mange. Kanskje var ikkje ein ny kommune samansett av fem det rette å satse på? Etterpåklokskap er ofte klokskap av beste sort! Her må i alle høve kraftig lut til. Det gjeld både drift og investeringar. Ein redningsaksjon ligg i løypa for alle dei ansvarlege. Arbeidet med å auke inntektssida må ikkje hoppast over.

Eg forstår frustrasjonen i deler av den nye kommunen, spesielt kome til uttrykk i Haram og Ørskog. Leitinga etter alternativ til å vere ein del av Ålesund vil truleg halde fram. Eg ser lite lys i tunnelen, og mange ventar andre svar på utfordringane. Vi må gje kommunen tid, det vil gå seg til, vis tolmod osv. Greitt det, men kor lenge! Begeret renn no over.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!