Det er iallfall den versjonen vi får presentert. Mannen får yrkesforbod, og får ikkje tene som prest fordi han meiner det ut frå Bibelen ikkje er rett å ha kvinnelege prestar, og difor ikkje kan samarbeide med dei. Eg er dundrande usamd med mannen i denne saka, la det vere klårt, men eg er endå meir sjokkert og skuffa over at Den norske kyrkja viser seg som meiningspoliti – eg trudde ikkje me var komne dit. Kva gale har mannen gjort anna enn å meine noko? Eg opplever dette som intoleranse i liberalt kostyme.

Praktisk spørsmål

At ein må ha det mannlege Y-kromosomet for å tene Gud som prest, er eg sterkt usamd i. Men det kan umogleg vere eit sentralt trusspørsmål for kyrkja om ein mannleg prest kan utføre kyrkjelege handlingar saman med ein kvinneleg prest. Det er meir eit praktisk spørsmål. Kor store praktiske problem ville kyrkja fått om denne mannen fekk gjere teneste som prest i nokre månader? Det ville vere interessant å få vite frå bispekontoret kva konkrete vanskar dei ser for seg ville oppstå på grunn av trua til mannen i dei fire månadene han skulle vikariere. Kan ein ikkje fortelje korleis mannen si haldning ville skape praktiske problem, er avgjerda til bispen etter mi oppleving eit overgrep av politisk natur.

Politisk korrekt

Om mannen har ei meining eller to som er politisk ukorrekte, seier det meg først og fremst at han er eit sjølvstendig og ærleg menneske. Eg er meir redd dei som alltid er «politisk korrekte», og som krev at alle andre også alltid skal vere «politisk korrekte» og ikkje meine at noko er rett eller gale. Er dette den liberale folkekyrkja, tek eg til å forstå kvifor Sigrid Undset og folkehøgskulemannen Lars Eskeland alt for hundre år sidan ikkje lenger fann fotfeste i vår danske lutherdom.

Sjølvsagt var det eit feilsteg av Bygdebladet som først skreiv om saka å slå stort opp kva mannen meiner. Avisa burde heller ønskje vikarpresten velkomen, og fokusere på det positive og på kva han ville utrette i tenesta.

Totalitær hestehov

Diverre er det ikkje noko nytt i kultur- og etikkdebattane at dei som mest preikar toleranse, openheit og forståing, også sjølve er dei mest intolerante og restriktive i sine handlingar. I denne saka ser eg skuggen av den totalitære hestehoven under bispekåpa. Den skuggen er like skremmande uansett om den er frå høgre eller venstre foten, om den er brun eller raud i ulike sjatteringar. Kyrkja burde heller stå opp mot alt konformitetspresset i samfunnet og forsvare folks rett til å ha ei overtyding. Også i Guds hus må det vere rom for ulike meiningar, sjølv om me ikkje alltid likar dei.

Eg kjenner eit sterkt ubehag ved å vere medlem av ei kyrkje med aktivt meiningspoliti. I eit liberalt demokrati dømmer ein folk etter deira gjerningar, ikkje etter deira meiningar.