Ei gruppe av ulike fagpersonar i Statens vegvesen fekk oppgåva med å utarbeide denne. Vi er sikker på at dei er dyktige i sitt fag, men når det gjeld geografi vart vi noko usikker, eller kanskje det var andre en dei som tok ut delområda?

Det første som slår oss er at Solnør gard er lagt under Valle delområde. Vi er alle godt kjende med at Solnør gard ligg aust for Dragsundet, og i starten av Solnørdalen. Valle ligg vest for Dragsundet, og mellom Dragsundet og Valle ligg Håhjem. Solnør gard ligg altså ikkje på Valle, men i arealet for Solnørvassdraget. Berre så det er klart.

2017 konseptutgreiinga E39 Digernes – Vik er vel verdt eit studie. Ei utgreiing på 26 sider. Det som også slår ein er at ordet Solnørvassdraget berre er nemnd ein gong i utgreiinga. Verneverdiane som naturmangfald, fauna osv. i det varig verna Solnørvassdraget er ikkje nemnd.

Vidare tek den føre seg dei aktuelle delområda som kan bli råka av veg, som alternativ K3. Her er Svarløken og Fylling sirlege greia ut, der naturmangfald og friluftsliv er framheva og har fått raud farge. Altså uaktuelt å legge veg her, og det er vel dei fleste av oss einige om.

Men, har dei ikkje fått med seg at også Mevatnet, Akselvollvatnet, Solnørdalen, Furlia, Solnør gard og Solnørvika med fleire, er ein del av Solnørvassdraget på lik linje med Svartløken.? For når ein les om delområde Solnørdalen, alternativ K2 er teksten i utgreiinga: INGEN TEMA MED STOR VERDI, ELLER KONFLIKTPOTENSIAL.

Kan verneplanen for Solnørvassdraget ha blitt forlagt? Ein skal vere varsam med å konkludere, men det må vere lov å stille spørsmål om kva årsaka var til at så store deler av Solnørvassdraget vart tilsidesett, når der låg og ligg føre et stortingsvedtak om varig vern av vassdraget.

Ei ny utgreiing skal vere under arbeid. Ein får vone at ein då ser at vegalternativa ikkje kan leggast i det nasjonale, regionale og lokale varig verna Solnørvassdraget med tilhøyrande nedbørsfelt. Det kan vel ikkje gjentakast for ofte det statsforvaltaren skriv i sitt høyringssvar no i haust om Solnørvassdraget som Solnørdalen er ein del av. «Vassdrag: Planarbeidet vil i ulik grad for dei forskjellige alternativa, rake̊ Solnørvassdraget som er verna vassdrag med verdiar knytt til elveløp, geologi, botanikk, fuglefauna, vassfauna, friluftsliv og kulturminne. Vassdraget har stor forvaltningsinteresse og statsforvaltaren vil vere kritisk til inngrep som reduserer verneverdiane i Solnørvassdraget med tilhøyrande nedbørsfelt.»

Klarare kan det vel ikkje seiast. Valet for dei som skal godkjenne planarbeidet er vel ganske så klart. Økonomi i slike vegval må ikkje vere prioritert. Veglinja skal ligge der i tiår etter tiår. Å gå for å presse ei veglinje gjennom eit nasjonalt verna område med eit slikt mangfald av raudlistaartar. (ref. Artsdatabanken.no) må vere absurd. Berre den raudlista elvemuslingen som har leire førekomstar i vassdraget vil bli sterkt truga, om ikkje døy ut. Den er svært sårbar for blant anna saltholdig vatn. Å halde open ein vinterveg gjennom Solnørdalen utan vegsalting er uråd, og saltavrenning frå vegbana vil gå ned i vassdraget.

Ein ting er klart. Valet om vegline ligg på dei folkevalde i Ålesund kommune.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!