Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. På eitt år er dette 12 millionar jenter. Koronapandemien medfører at færre barn får skulegang, og jenter er meir utsette for barneekteskap. Kampen mot barneekteskap er derfor viktigare enn noen gang.

Fattigdom og mangel på individuell fridom for jentene og kvinnene vidareførast frå generasjon til generasjon. Kulturelle normer og religiøse overbevisningar er til hinder for jenters mulegheit til å gå på skulen. Tidlege giftarmål, seksuelle overgrep og kjønnsroller er stoppar jentene sin skulegang. Denne diskrimineringa av jenter er brot på FNs barnekonvensjon.

Årets TV-aksjon «Barn, ikkje brud» er PLANs arbeid mot barneekteskap. TV-aksjonen skal nå ut for å få slutt på barneekteskap i dei landa problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Her blir 40 til 80 % av jentene gifta bort før dei er 18 år.

Konsekvensane av barneekteskap er store. Jentene vert hindra i eigne draumar, og vert frårøva mulegheita til å skape ei god framtid. Dei mistar retten til å bestemme over eige liv og kropp og risikoen for vald og overgrep aukar. Mange er så unge når dei føder at kroppen får fysiske skade under fødselen eller dei kan døy.

Jenter som giftast bort som barn mister mulegheita til å gå på skule – barneekteskap bremser utvikling og opprettheld fattigdom. Får jenter mulegheit til skulegang, bestemme over eigen kropp og bli lytta til i samfunnet, vil det føre til mindre fattigdom, mindre vald og meir rettferd. Gjennom årets TV-aksjon skal vi saman gi jenter mulegheita til å velje si eiga framtid!

Vi i aksjonskomiteen oppfordrar alle om å engasjere seg – registrer deg som bøsseberar på blimed.no, du kan vere både fysisk og/eller digital (Facebook) bøsseberar. Og ikkje minst: Ta vel imot bøssebærarane. Bli med på årets viktigaste søndagstur 24. oktober!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!