Ålesund: – Det finst ingen fasit på korleis vi skal møte framtidas utfordringar, men vi veit at vi løyser dei best om vi finn vegen saman, skriv kommunedirektør Steven Hasseldal i denne kronikken. .  Foto: Ålesund kommune.

Kronikk av Steven Hasseldal

«Kvar skal Ålesund kommune, og korleis kjem vi dit?

Visste du? At for summen av ein langtidsplass i sjukeheim, kan ein i staden gi 6,4 personar tilbod om helsehjelp og miljøarbeid til heimebuande, for eksempel heimesjukepleie? Og visste du? At for summen av tiltaka til dei 6,4 personane med helsehjelp heime, kan ein gi tilbod til 22 personar med bruk av mestringstiltak i heimen, blant anna velferdsteknologi?

Skal vi greie utfordringane vi står overfor, må vi hjelpe innbyggarane med å løyse problem medan dei enno er små i staden for å vente til dei blir store og dyre.

Ålesund kommune skal gi gode tenester til innbyggarane og næringslivet i kommunen, men å drive ein stor kommune er krevjande – og det er viktig at vi bruker ressursane våre på ein berekraftig måte.

For neste års budsjett må vi både ha drift i balanse og betale for at vi brukte for mykje pengar i fjor. Det betyr at vi må finne inndekning for om lag 255 millionar for å unngå å kome på ROBEK-lista. ROBEK er «Register om betinget godkjenning og kontroll». Hamnar vi i det registeret, blir handlingsrommet til kommunen mindre og det blir vanskelegare å omstille kommunen slik at vi kan møte framtida på en god og berekraftig måte.

Omstillingsbehovet i offentleg sektor vert tydelegare og kjem nærare for kvart år. Det blir fleire eldre og færre yrkesaktive. Dette saman med ein redusert vekst i nasjonal økonomi gjer at vi må endre oss. Framover må vi gi innbyggarane våre gode tenester, men til lågare kostnadar.

Rett fordeling av ressursar

Ålesund kommune skal sikre trygge oppvekstvilkår for barn og unge, god omsorg for eldre og andre med hjelpebehov, trygg infrastruktur, gode lokalsamfunn og eit rikt kulturliv. For å få til det og til alle sitt beste, må vi fordele dei samla ressursane våre på ein god og rettferdig måte.

Samla sett har vi store ressursar, både i form av inntekter, dyktige tilsette, eit fantastisk næringsliv, aktive lokalsamfunn og frivillig sektor. Vi er også heldige som har litt høgare inntekter enn samanliknbare kommunar, så mykje er på plass for at vi skal kunne gi gode tenester, også i framtida.

Kvifor snakkar vi då så mykje om å redusere og å prioritere?

Vi forvaltar fellesskapet sine verdiar, og desse må vi forvalte på ein effektiv, rettferdig og berekraftig måte.

Slik vi gjer det i dag, så bruker vi meir pengar på få og dyre tiltak enn kommunar vi kan samanlikne oss med. Dette gjeld både innan oppvekst og innan helse, men vi har verken fleire eldre, fleire sjuke, eller fleire barn og unge med spesielle utfordringar enn andre kommunar, så forklaringa ligg ikkje her.

Vi ser også at desse samanlikningskommunane har minst like god kvalitet i tenestene. Så kva kan vi lære av dei?

Auka behov for tenester i framtida

Etterspørselen og presset på dei kommunale tenestene vil auke i framtida, og samtidig som vi får fleire eldre, får vi mange færre yrkesaktive. Dette gjer at sjølv om vi skulle ha fått meir inntekter i framtida, så vil vi ikkje ha nok yrkesaktive personar til å kunne tilby tenester på same måte som i dag.

Kort fortalt: Ålesund kommune må utvikle eit tenestetilbod som innfrir innbyggarane sine behov i dag og som samtidig er tilpassa den komande auken i helse- og omsorgstenester – utan at ein skal bruke meir pengar.

Målet er at DU skal meistre ditt liv!

For å utvikle dette tenestetilbodet krev det endring, og endring smertar. Nokre av innbyggjarane våre vil oppleve at tenester dei har, eller forventar å få, vil bli endra, redusert eller avslutta. Samtidig vil mange oppleve å få tilbod på eit tidlegare stadium, som er meir førebyggande, og som kan gjere at ein ikkje treng dei meir inngripande tiltaka.

Kommunen skal vere ein støttespelar for innbyggarar til å kunne meistre eige liv, og då må vi legge større innsats i å hjelpe innbyggarane med å løyse problem medan dei enno er små. Vi må med andre ord byggje opp tilbod og tenester på eit lågare nivå i innsatstrappa.

Dei fleste menneske ønsker å meistre eigne liv så lenge som mogeleg, i eigen heim. Kommunen skal byggje opp under dette, til det beste for både den enkelte og for den samla økonomien.

Rette tenester på rett nivå til rett tid

Dersom vi skal greie denne omstillinga og bygge opp tenester retta mot tidleg innsats, må vi ha to tankar i hovudet samtidig. Vi må redusere tilboda som er kostnadskrevjande og inngripande, og bruke desse ressursane i å bygge opp tilbod på lågare nivå i innsatstrappa.

Vi må tilby færre institusjonsplassar og heller bruke pengar og tilsette på for eksempel heimebasert omsorg, avlastning, korttidsopphald og liknande. Rette tenester på rett nivå til rett tid må heile tida vere eit mål.

Vi skal ha mange institusjonsplassar også i framtida, men statistikk for Ålesund fortel tydeleg at vi gjer mange av innbyggarar våre til institusjonspasientar for tidleg. Dette er verken god omsorg eller ein god måte å fordele dei samla ressursane på. Dersom vi bruker alle midlane våre til dei mest kostnadskrevjande og inngripande tiltaka, har vi ikkje noko igjen til tidleg innsats og førebygging.

Dei første stega i rett retning!

Når vi no skal snu måten vi tildeler tenester på, så vil det utfordre oss. Mange vil meine at vi ikkje kan endre talet på institusjonsplassar før vi har eit alternativ på eit lågare trinn i innsatstrappa, men vi må kome i gang med å ta dei første stega i rett retning. Då må vi frigjere midlar frå kostnadskrevjande tiltak samtidig som vi bygger opp tiltak på eit lågare og meir tilpassa nivå.

Kan vi finne vegen saman?

Det finst ingen fasit på korleis vi skal møte framtidas utfordringar, men vi veit at vi løyser dei best om vi finn vegen saman.

Vi har eit felles ansvar for å skape tryggleik for innbyggarane i kommunen. Vi skal ta vare på alle, vi har gode intensjonar, og vi har eit felles ønske om å lykkast!

Denne veka skal kommunedirektøren sitt forslag til budsjett- og økonomiplan for 2022 opp til politisk behandling. Det er starten på å ta Ålesund kommune og tenestene inn i framtida.