Dette er ikkje eit forsvar for «høgre-skolen». Eg høyrer politisk heime på venstresida, men har ingen vanske med å sjå at svekking av faglege krav til lærarar ikkje kan vere berekraftig løysing på problema norsk skole står andsynes.

Elementær rekning

Granskingar av kunnskaps- og kompetansenivået i matematikk blant norske allmennlærar-studentar for tjue år sidan viste at storparten av dei ikkje meistra elementær rekning. Norsk matematikkråd testa dugleiken deira årleg frå 80-talet. To av oppgåvene dei skulle løyse, var desse: (1) Det er 135 jenter og 115 gutar i ei gruppe. Kor stor prosentdel av gruppa er jenter? – (2) Ei vare kostar kr 100 utan moms. Moms er på 23 %. (a) Kva vert salssummen? (b) Kor stor prosentdel av salssummen utgjer moms? – I 1999 greidde 33 % av førsteårs lærarstudentar å svare på (1), 67 % svara feil. I 2001 svara 95 % av lærarstudentane feil på (2). Dette er oppgåver ein i mi tid skulle kunne svare på i folkeskolens sjuande klasse.

I boka «Skolen som forsvann» samanliknar Jon Hustad matematikk-oppgåvene til eksamen etter kursplan 3 i ungdomsskolen 1966 med eksamensoppgåvene i matematikk etter første år i vg.skole i 1998. 1998-elevane hadde ikkje hatt vilkår for å løyse ungdomsskole-oppgåvene frå 1966. Ein test Hustad viser til, syner at 60 % i ein andreårs-klasse i vg.skole strauk på ei algebra-oppgåve frå eksamen i ungdomsskolen på sekstitalet.

Stor strykprosent

I 2001 strauk 25 av 30 til eksamen i matematikk ved Lærarhøgskolen i Tromsø. Karakterane til dei som stod, varierte mellom 3,7 og 4.0, dvs. på randa av stryk. I 2002 strauk 38 % i matematikk ved lærarhøgskolen i Volda. Snittkarakter hos dei som stod: 3,1. Ved allmennlærar- utdanning på deltid i Kristiansund strauk 45,5 %. Snittkarakter hos dei som stod: 3,3. Same år strauk 52 % i matematikk ved lærarhøgskolen i Sogndal – med følgjande fordeling: Sogndal 64,5 %, Gol 57,6 %, Florø 35,5 %.

I 2000 og 2001 tilbaud 11 av 17 lærarhøgskolar plass til elevar med 2 i snitt frå vg.skole. I 2002 eller 2003 fortalde eit oppslag i Dagbladet at ein kom inn ved alle landets lærarhøgskolar med snitt på 2 frå vg.skole.

Årsaker til forfallet

Det er sjølvsagt fleire årsaksfaktorar som spelar med i forfallet. Éin viktig faktor er deklasseringa av læraryrket – økonomisk og sosialt. Ein annan er trua på pedagogikk: Har ein berre pedagogikk, er undervisningskvalitet garantert. Lektorane vart skremmebiletet: Dei var så tyngde av lærdom at dei verken kunne undervise eller ha omsorg for elevane.

Dette har halde fram: Same kor fagleg kunnskapsrik og flink du er til å undervise, har du ikkje praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), får du ikkje fast tilsetting. Er du derimot praktisk talt blank når det gjeld fagleg kunnskap, er dette inga hindring for fast tilsetting all den tid du har vitnemål frå PPU. Med andre ord, pedagogikk, ikkje fagkunnskap, gir undervisninga kvalitet.

Karakterkrav

Først etter at dei s.k. PISA-granskingane hadde avdekt den reelle stoda i norsk skole, tok ein frå utdanningspolitisk og pedagogisk hald motvillig inn over seg at noko måtte gjeras. Ein innførte karakterkrav ved opptak til lærarutdanninga. Kravet var 3 i norsk, engelsk og matematikk. Frå lærarskolane vart det protestert: Krava gjer at så få vil søke lærarutdanning at fleire lærarhøgskolar må leggas ned! Implikasjon av protesten: Lærarhøgskolanes oppgåve er ikkje å utdanne fagleg dyktige lærarar, men å halde seg sjølve i live. Difor er krav som gjer at søkartalet går ned, uakseptabelt!

For matematikken sin del var endringa slik: Fram til 2006 hadde ein studiekompetanse for lærarutdanning jamvel om ein hadde karakteren 1 i matematikk, dvs. stryk, etter enklaste studieplan første året på vg.skole og ingen matematikk etter dette. Jamvel om ein ikkje hadde hatt matematikk på lærarskolen, var ein som allmennlærar sertifisert for undervisning i alle fag, også matematikk, i grunnskolen! Kritikk vart møtt med skulding om elitetenking.

Det har vore forfall i kunnskap og kompetanse i matematikk i norsk skole. At dette heng saman med matematikk-kunnskapane ein kravde til lærarutdanninga fram til 2006, er heva over ein kvar tvil. Samanheng mellom matematisk dugleik hos dei som underviser i faget, og resultata til elevane deira, er openberr.

Svake lærarar – svake elevar

Nå kan ein innvende at eg har vist til det som var tilfelle før 2006, og at stoda i dag er ei anna. Innvendinga rokkar ikkje ved påstanden om at matematisk-fagleg svake lærarar skaper matematisk-fagleg svake elevar. Gransking har vist at kunnskaps- og kompetansenivået hos elevar varierer med tilsvarande nivå hos lærarane.

Når ein i dag frå politisk hald hevdar at ein kan bli framifrå lærar om ein ikkje har 4 i matematikk frå vg.skole, er påstanden difor anten mot betre vitande eller uttrykk for kunnskapsløyse: (a) Hadde ein faglærarar på alle skolar, kunne påstanden forsvaras dersom alle skolar i Norge var store nok til at faglærarordning kunne gjennomførast.

Men svært mange, kanskje dei fleste, skolar i Norge er så små at faglærarordning ikkje lar seg gjennomføre. (b) Det er frå fagkyndig hald peikt på at ein i samfunnsfag og historie treng god matematisk kunnskap for å tolke viktig kvantitativ informasjon i lærebøkene. (c) Trua på at ein kan vere god matematikklærar utan reell kompetanse i matematikk, er reint tøv.

Kva inneber kravet om 4 i matematikk frå vg.skole? Mange tenker at 4 i fagleg nivå svarer til T i gymnaset. Det gjer det ikkje. Røynde lektorar med fartstid frå både gymnas og vg.skole fortel at 4-nivået svarer til Ntf i det gamle gymnaset. Dessutan, matematikken ein krev, er s.k. «P-matte», dvs. matematikk knytt til praktiske gjeremål og situasjonar i daglegliv, samfunn og arbeid. Det handlar om prosent, økonomi og areal. Det minner om folkeskole-rekning for 65 år sidan.

Å tru ein løyser skolens problem ved å gå tilbake til kompetanse-krava før 2006, er eit sterkt indisium på at pedagogar og skolepolitikarar ikkje bør overlatas ansvaret for norsk skole.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!