Og kva meiner AP og Per Vidar Kjølmoen som er forskjellen på dei som reiser på desse sambanda kontra mindre ferjesamband i fylket? Det er bra at Ap/Sp legg opp til kutt i ferjeprisane med 50 %, men 50 % rekna av kva lurer vi faktisk på, og når kjem dette?

Gratis ferjer til øyfolket er også flott. Likeins gratis til ferjesamband under 100.000 passasjerar. Men, kva med mesteparten av dei feriereisende her i fylket? Kvifor får ikkje desse gratis ferjer?

Det er på dei store sambanda med ca. ein million PBE i året som dei fleste av innbyggjarane og næringslivet her i fylket brukar kvar dag. Ca tre milliardar kroner vil gratis ferjer for alle koste, og det blir relativt håplaust å argumentere for at dette blir for dyrt når Ap og Sp samtidig skal bruke 50 milliard på å elektrifisere sokkelen.

Gassen kan ikkje brukast her i landet og på sokkelen til å produsere straum, men å sende den same gassen til Europa og brenne den der er faktisk noko «vanlege folk» ikkje forstår eit kvidder av.

Ap og SP kjem garantert til å få bruk for oss i Frp i arbeidet med å skaffe fleirtal for å kutte ferjeprisane og forhåpentlegvis også innføre gratis ferjer for alle. Det må vere målet til slutt, og eg og FrP skal bidra konstruktivt i Stortinget for å oppnå dette så raskt som råd.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!