Stortinget har sagt at etter 2026 får ingen skip som ikkje stettar kravet om nullutslepp stemne inn Geirangerfjorden. Norges mest attraktive fjordarm blir stengd for trafikk av cruiseskip.

Verdsarvjubel

Det var regjeringa til Kjell Magne Bondevik (KrF) som sommaren 2005 kunne delta i jubelen over den ettertrakta verdsarvstatusen. Kanskje vil Jonas Gahr Støre (Ap) styre regjeringa når det siste cruiseskipet får sigle på den ettertrakta fjorden, der turistar i snart 150 år har blitt skyssa i luksusfartøy.

Det er den Ap-styrte regjeringa som må ta standpunkt til det nyleg lanserte ynsket om ein korridor, slik at cruiseskip kan stemne inn Sunnylvsfjorden (med verdsarvstatus) mot Hellesylt. Og passasjerane bli ført derifrå med mindre farkostar.

Korleis vil regjeringspartnar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) stille seg til dette?

Avvist skepsis

Den som fylgde med i forarbeidet for verdsarvsøknaden på byrjinga av tusenårsskiftet, vil minnest den skepsis som kom til uttrykk i det aktuelle området. Men skeptikarane vart fortalt at det ikkje kom på tale å innføre nye former for vern eller restriksjonar. Med andre ord; ingen trong frykte at eit verdsarvvedtak ville føre til fråflytting eller nedlegging av t.d. gardsbruk.

I ei seinare stortingsmelding heiter det at norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste natur- og kulturminneforvaltning.

Det har opptil fleire gongar vorte nemnt at å nekte trafikk av cruiseskip etter 2026, ikkje skal få synlege fylgjer for næringslivet i turistbygda Geiranger. Det same vil gjelde folketalet.

Kven skal gi nødvendig garanti for ei slik haldning? Vertskommunen Stranda? Møre og Romsdal fylkeskommune? Regjeringa? Stortinget?

Mange bør vere kvalifisert for eit svar. Tida går

Synleg glede

Etter at Erna Solberg (H) og regjeringa hennar sette ein dempar for koronarestriksjonane på ettersommaren, tok det ikkje mange dagane før det første cruiseskipet stemnde inn Storfjorden, og la seg til rette inst i Geirangerfjorden.

Kva skjedde?

Jau, – nær sagt på timen kunne Facebook i gledesrus vise fram fjorden – med eit gigantisk turistskip som midtpunkt. Ingen slo til lyd for at dette ynskte ein å sjå slutten på.

Stortinget har avvist eit forslag om å vente med nullutsleppsvedtaket til 2030. Initiativtakarane har meint at innan den tid ville deler av flåten ha gjennomført endringar til glede for dei sjølve og andre. Ingen veit i dag om den nye regjeringa vil ha eit anna syn på dette.

Det blir interessant å registrere kva for haldning regjeringa, og spesielt Senterpartiet, har til ynsket om ein korridor i verdsarvfjorden.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!