Lesarinnlegg av Knut Flem

«Haram ut av Ålesund?»

Det er truleg kommunestyret i Nye Ålesund som skal avgjere om Haram får fridomen tilbake.

Avgjer: Det er kommunestyret som avgjer om det skal haldast folkerøysting.   Foto: Staale Wattø

Meninger

Såleis ser det ut til å vere små voner for at det vil skje, iallfall om vi skal døme ut frå intervju med sentrale kommunepolitikarar i Sunnmørsposten 16/10. Senterpartiet er for lausriving og Høgre imot. Truleg er Ap også imot; iallfall var ordførar Eva Vinje Aurdal ein pådrivar for å få Haram til byen.

Korleis andre vil stemme er meir usikkert, men ein av Krf-representantane frå gamle Haram har starta kampanje for å hindre lausriving. Dei fleste frå gamle Ålesund vil nok gjerne halde den nye byen intakt, så «kjøtvekta» kan bli avgjerande.


Vil Haram bli egen kommune igjen?

De største partiene vil ha konsekvensutredning

Regjeringen har åpnet for at Haram igjen kan bli en egen kommune, men legger til grunn at kommunestyret må komme med et vedtak før sommeren 2022.


Representantar for fleire parti seier dei vil lytte til folket i ei eventuell folkerøysting. Men det er altså ikkje gitt at det blir ei folkerøysting – det er det også kommunestyret som avgjer. Og dersom det vert nei til folkerøysting, er det lett å spå kva Ålesund kommunestyre vil seie i sjølve spørsmålet om skilsmål.

Det blir litt som «bukk og havresekk» at Ålesund kommune skal bestemme om Haram vil få sjølvstendet tilbake. For på sett og vis har Ålesund annektert Haram. Sjølv om det var Stortinget som gjorde vedtaket, var byen ein pådrivar for å tvinge Haram inn i Nye Ålesund.

Eit stort fleirtal av dei røysteføre i gamle Haram har signert på eit opprop for å krevje folkerøysting om reversering av tvangssamanslåinga med Ålesund. Så står det att å sjå i kor stor grad eit demokratisk sinnelag rår mellom kommunestyrerepresentantane, om dei vil lytte til folket. I første omgang gjeld det om dei vil arrangere ei folkerøysting, og dernest om kommunestyret vil rette seg etter eit eventuelt fleirtal for utmelding.

Nokon meiner at det har gått for kort tid til å bestemme om reversering er det rette. I tillegg til politikarar i den ovannemnde avisartikkelen, har til dømes både den nye kommunedirektøren i Ålesund og Sunnmørsposten på leiarplass uttalt seg i same lei. Samanslutninga må få meir tid før det vert felt ein endeleg dom, vert det sagt. Dette er nok ein lur strategi for å hindre lausriving, ikkje minst fordi regjeringa meiner at kommunestyret må gjere vedtak før sommaren 2022. Uthaling er også ein bra metode for å trøytte ut eldsjelene som arbeider for lausriving. Etter som tida går, vert det vanskelegare å løyse opp det som er grodd saman.

Sunnmørsposten argumenterer elles med at eit vedtak i saka må bygge på fakta og at det må setjast i gang «en fagleg utgreiing» – kva som no måtte ligge i det. Fakta og utgreiing var ikkje naudsynt for å tvinge Haram inn i storkommunen; då var det nok at Haram var «inneklemt» mellom Sandøy og Ålesund.



Sunnmørsposten nemner òg utviklinga av nordre Sunnmøre med utsegner som minner om EU-striden i 1984: «For Harams del vil et av spørsmåla vere om de vil sitte rundt bordet og påverke utviklinga, eller overlate den til andre». Som eit ekko frå propagandaen den gongen. Heldigvis stod eit fleirtal av folket imot den massive påverknaden frå framståande politikarar og ei nesten samla presse.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!