Leserinnlegg av Ivar B. Roald

«Det er ikkje sant»

Smp.skriv: «Det som er fakta og det nokon vil at ein skal tru, er ikkje alltid det same, og media si rolle er å basere journalistikken på etterettelege kjelder.»

Det er ikkje i distrikta det er størst mangel på lærarer med godkjent utdanning, skriv forfattaren av dette innlegget.   Foto: Gorm Kallestad/NTB

Meninger

Det er populært å snakke ned distrikta. Ein høyrer stadig at nokon vil at ein skal tru at distrikta ikkje klarer å skaffe faglært arbeidskraft, derfor må ein sentralisere.

I den seinare tid har lærarmangel vore oppe, om den saka har eg lest og høyrt påstandar som dette. Lærarkrise i distrikta. Norge manglar lærarar særleg i distrikta. Distriktsskulane taper i kampen om lærarar. I dag får distrikta ukvalifiserte lærarar. Det er vanskelegare å skaffe kompetente lærarar på bygda enn i ein storby. SSB har statistikkar som syner at dette ikkje er sant.


Rune Hovde (56) melde seg som vikarlærar

Tidlegare rådmann og ordførar steppar inn som vikarlærar

– Då er eg tilbake på Hovden skule, og det er kjekt. Det var her, som elev, eg hadde mitt fyrste ribbeinsbrot, mimrar Rune Hovde (56).


Les ein statistikken ser ein at det spesielt er eit fylke som kjem dårleg ut med ein andel lærarar utan godkjent utdanning på 23 %. Fylket er OSLO. Ser ein vidare er fylket som er nest dårlegast Akershus med ein andel lærarar utan godkjent utdanning på 19 % Om ein ser på distrikts/utkantfylket Sogn og Fjordane er det der berre 12 % av lærarane som ikkje har godkjent lærarutdanning. I Møre og Romsdal er det 15 % som ikkje har godkjent utdanning.

Er det i Oslo eller er det i Sogn og Fjordane det er lærarkrise?

Det har vore mykje snakk om falske nyheiter. Nyheitene om stor lærarmangel i distrikta er eit godt eksempel på falske nyheiter. Dei som kjem med dette er nok dei som arbeider for meir sentralisering.


Ap og Sp enige om å droppe firerkravet i matte i lærerutdanningen

Ap og Sp har blitt enige om å droppe kravet om at studenter må ha minst karakteren fire i matematikk for å komme inn på lærerutdanningen.


Eg har ikkje sett at nokon har reagert på dette, ikkje media og ikkje politikarar.


Leserinnlegg av Åse Kristin Ask Bakke, Hanne-Berit Brekken, Per Vidar Kjølemoen og Berit Tønnesen

«Stopp avskiltinga av lærere»

Det er bedre med erfarne lærere enn ukvalifiserte


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!