Ein betre tittel på artikkelen ville vere «Kanskje». Fordi det faktisk er usikkert om og når ein slik teknologi vil vere på plass. Han skriv sjølv at vi har løyst energibehovet «når menneskene får kontroll på fusjon», der vi må legge merke til at også han skriv «når». Og han vedgår sjølv kor usikkert dette er når han brukar «muligens» i setninga «en løsning nå er i sikte selv om det muligens vil ta noen årtier».

Det skumle med slike teknologioptimistiske «løysingar» på klima- og naturkrisa, er at det får oss til å tenke at då treng ikkje vi andre bry oss om dette og la slike problem prege kvardagen vår. Når det blir påstått at løysinga uansett er like rundt hjørnet?

Det kjedelege med klima- og naturkrisa er dessverre at det er langt «kjedelegare» ting som må til for å få kontroll på situasjonen som er skapt av eit overforbruk av både energi og råvarer i forhold til det kloden kan tole. Eit forbruk som er mest grotesk i vår rike del av verda. I staden for å satse på stadig fleire usikre teknologiske «månelandingar», burde vi i første omgang angripe luksusforbruket vårt. Men er det ein ting som er sikkert, så er det at ein slik bodskap ikkje er like populær som utsiktene til at vi bekymringslaust skal kunne «køyre inn i solnedgangen» takka vere ufarleg fusjonsenergi.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!