Historikarane gjer sine analysar og konkluderer visst nok med at Hillary Clinton er i forhold til Trump kva den tyske liberalismen, konservatismen, sosialdemokratismen og stalinismen var i forhold til Hitler, det nokre har kalla den hjelpelause antifascismen. Det er vel analysert utifrå sosialistisk samfunnsforståing.

Jau, marxistiske analysar kan vel ha noko for seg, berre det ikkje vert dogmatisk, spesielt når det er analyse av ei så mørk, tung og vond tid som mellomkrigstida og krigen. Det verkar til at den politiske tenkinga heng fast i gjørma og hindrar nytenking og fornying. Så det kan verke som dei prøver å mane fram daudingar for å få til eit zoombi-opprør.

Det var vel med slik dogmatisk politisk tenking dei fann på å gi Obama fredsprisen etter mindre enn eit år som president, utan at han hadde gjort noko for det. Det er den flauaste fredsprisutdelinga eg kan hugse og han sjølv sa at han ikkje fortente den. Var det fordi han framstod som snill, mest psykologi altså? Kva var hensikta? Korleis verka det? Som grønt lys til å føre krig. Han starta Libya-krigen og sidan krigen i Syria. Han dreiv meir krig enn dei fleste amerikanske presidentane.

Trump verka strengare, både med det han sa og gjorde, han dreiv mest ordkrig med åtvaring om å bruke våpen og verka dermed ikkje så snill, men realistisk, for som Paulus sa, så ber ikkje styresmakta sverdet for inkje. Så han trengde ikkje starte nokon krig og gjorde det ikkje heller. I staden fekk han gang i fredsforhandlingar med Nord-Korea og fekk til fredsavtalar mellom Israel og fleire arabarland. Og eg trur ein viktig grunn til det var den evangeliske kristendomen som han vedkjende seg.

Trump konkluderte med at invasjonen av Irak var ein av dei største tabbane ein amerikansk president hadde gjort, trass i at han var republikanar. Folket og politikarane vart feilinformerte av pressa. Vart dei kanskje ikkje det ved starten av krigane mot Libya og Syria også? Eller kva var det som gjekk gale? For kvar vart det av «den arabiske våren»? Norske politikarar som ville ha krig mot Libya argumentere som om det var slik den arabiske vårløysinga skulle gjennomførast. Var det for at den skulle få sterkare antifa-metodar? KrF meinte det var å drive bistandspolitikk, men eigentleg raserte dei det mest velståande arabiske landet. Sitat frå https://www.aftenposten.no/…/norge-gikk-til-krig-med …

I dokumentaren anskueliggjør blant andre KrFs 1. nestleiar Dagrun Eriksen hvordan «bistandsretorikken» blei brukt da Norge gikk til krig.

Frå Stortingets talarstol snakkar KrFs nestleiar om å «skifte ut vilkårlig maktmisbruk med menneskerettigheter, skifte ut kvinneundertrykking med likeverd og likestilling, skifte ut fordommer mot utdanning, skifte ut korrupsjon med menneskerettigheter». Dette sa ho altså i staden for å forkynne evangeliet som den frigjerande bodskapen.

Så Noregs krigføring i Libya vart ein demonstrasjon av Norsk bistandspolitikk på sitt verste, med KrF sin bistandspolitikk i spissen. Det var eigentleg motivert av deira eige maktbegjær og resulterte i ein reaksjon mot «den arabiske våren». Seinare stilte Erna Solberg opp med rause gåver for å følge opp, men kven veit kvar dei pengane hamna? Så Norsk bistandspolitikk er absurd.

Den andre absurde side av saka er at trass i at Arbeidarpartiet skryter av sin velferdspolitikk, så var det Stoltenberg-regjeringa med Jonas Gard Støre som utanriksminister som gjekk til krig mot Libya og med det raserte velferdsstaten framfor andre i Afrika og arabarlanda.

Sett på denne bakgrunn hadde Trump god grunn til å vere mistruisk og kritisk til pressa og markere presidentskapen overfor den fjerde statsmakta. Han gjorde rett i å støtte seg på Bibelen og evangelisk kristendom. Det gjorde han ikkje trongsynt, det viste han til dømes ved at han starta forhandlingar med Nord-Vietnam.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!