Denne ukritiske hyllesten til kapitalismen kjem frå to karar som har sitt virke ved Handelshøgskulen ved Universitetet i Agder, John A. Hunnes og Truls Liland, og likelydande innlegg er publisert også i andre aviser den siste tida. Dersom det er eit slikt ukritisk syn på kapitalismen som blir dosert til økonomstudentane i dette landet, så er det ikkje bra.

Blir ufarleggjort

Etter at eg nyleg har lese boka «Korstoget mot velferdsstaten» av Ivar Hippe, er det ekstra urovekkande at kapitalismen sin ibuande brutalitet blir ufarleggjort av dei to forfatterane. Dei skriv at «Det at man har lover og regler som sørger for at ulike grupper i samfunnet ikke skal bli utnyttet eller undertrykket er derfor forenlig med et slikt økonomisk system. Men i dette ligger det også en erkjennelse av kapitalismens begrensninger og svakheter». Slik vedgår dei då sjølve rimeleg direkte at det er i desse lovene og reglane, som held kapitalismen i øyrene, at vi finn den eigentlege positive krafta og ikkje i sjølve kapitalismen som system. Kapitalismen vil elles lett utnytte og undertrykke, eksempelvis dei anonyme «slavearbeidarane» som i dette systemet produserer så mange av varene vi får billeg.

Spiseleg

I tillegg er det slik at dei lovene og reglane som forfatterane trøystar seg til for å gjere kapitalismen «spiseleg», er under angrep frå svært så mektig nyliberalt hald. Ivar Hippe dokumenterer i si bok korleis svært pengesterke krefter i fleire tiår no har organisert seg med tenketankar og utdanningsinstitusjonar for å undergrave aksepten for at det offentlege skal kunne legge rammer for dei store konserna dersom slikt hemmer dei i det profittjaget som er hovedmotivet i kapitalismen.

Det er å håpe at dei to forfatterane vil lese Hippe si bok og ta med seg ein del av innhaldet der inn i pensumet ved handelshøgskulen.

Positiv kraft?

Liland og Hunnes prøver å assosiere kapitalismen av i dag med Hans Nielsen Hauge si store samfunnsbyggande rolle. Det trur eg Hans Nielsen Hauge ville hatt seg fråbedt. Når dei til dømes skriv at «historien viser oss at det å kombinere profitt med sosiale mål er mulig», korleis kan dei då forklare dei utallige meldingane vi kan lese av typen «Nortura legg ned 147 arbeidsplassar i Steinkjer og Stavanger for å flytte produksjonen til Tønsberg», uten å vedgå at det er den nådelause konkurransen i kapitalismen som hindrar bedrifta i å ta sosiale omsyn? Bedriftsleiinga i Nortura gjer i det minste dette på sin måte når dei prøver å forsvare seg med at «vi må øke attraktiviteten og konkurransekraften til produktene som skal ut til forbruker». Og så skal vi altså kalle kapitalismen «en positiv kraft»?!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!