Han skriv at å drive ein stor kommune er krevjande, trass i at «vi har litt høgare inntekter enn samanliknbare kommunar.» Men så har vel også Ålesund litt høgare lønsnivå enn dei fleste for toppane i administrasjon og politikk.

Han seier også at innbyggjarar vil oppleve å få reduserte tenester, at dei blir endra eller avslutta.

Det er vel dette Høgre kalla ein robust kommune. Sanner misjonerte for storkommunar, dei skulle bli så effektive og få meir ut av kvar krone. Så viser det seg at drift av storkommunar er så krevjande at finansieringa av omsorg, pleie, utdanning og kultur må kuttast til beinet, eller kanskje er amputasjon eit rettare ord.

Direktøren skriv at rette tenester på rett nivå må vere eit mål.

Kven skal definere kva som er rett nivå, dei mange legane, sjukepleiarane og pårørande som åtvarar mot nedlegging av sjukeheimsplassar, eller byråkratar og den politiske posisjonen i Ålesund som med Kirsti Dahle som heiderleg unntak, ikkje skjønar kva primæroppgåvene i ein kommune er.

«Vi gjer mange av våre innbyggarar til institusjonspasientar for tidleg,» skriv direktøren.

Det hadde vore interessant å følge han på ein rundtur i institusjonane der han kunne peike ut dei som ikkje hadde bruk for plassen sin.

«Visste du? At for summen av ein langtidsplass i sjukeheim, kan ein i staden gi 6,4 personar tilbod om helsehjelp og miljøarbeid til heimebuande, for eksempel heimesjukepleie?» spør han.

Men visste han at heimesjukepleiarane har så trange tidsrammer at dei knapt rekk å helle medisinane i pasientane før dei må skunde seg vidare? Visste han at døgnet har 24 timar som gamle og sjuke kanskje skal tilbringe heime, åleine i ei seng, og at einsemd og utryggleik har ein svært negativ effekt på både fysikk og psyke?

Visste han kor mange pårørande som slit seg ut, blir sjukmelde nettopp fordi deira gamle ikkje får sjukeheimsplass?

Og reknestykke hans går vidare; dersom ein sløyfar helsehjelp og miljøtiltak, som t.d. heimesjukepleie til dei heimebuande, så kan ein gi tilbod til 22 personar med bruk av meistringstiltak i heimen, bl.a. velferdsteknologi?

Men visste han at teknologi aldri kan erstatte menneskeleg kontakt, sjøl for dei gamle, pleietrengande altså?

Ein sensor i ei seng, eit kamera i soverommet kan aldri erstatte ei varm hand og nokre trøystande ord, same kor billeg det er!

Det store spørsmålet til direktøren og politikarane er; Visste dei at det ikkje er statistikk og økonomi det dreiar seg om, men levande menneske?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!