Verdien har stege frå 15,2 milliard i 2011 til 24,8 milliard i 2020, og det er særleg ei positiv prisutvikling som har auka eksportverdiane. Går ein derimot djupare i materien er det diverre ikkje mykje som tydar på at denne positive prisutviklinga skuldast eit markant positivt paradigmeskifte i etterspurnaden. Det detaljerte biletet viser snarare att prisveksten i stor grad er eit resultat av betra konkurranseevne i form av svakare krone, samt generell prisvekst i samfunnet.

Me går no truleg inn i ei periode der NOK stabiliserer seg eller styrkar seg moderat samanlikna med 2020. Det hyggelege er at den uansett vil ligge på nivå som er svake historisk sett. Norsk økonomi, for å vere konkurransedyktig, er avhengig av ei svak krone, noko styresmaktene er klar over. Det vil difor bli ført ein ansvarleg penge- og finanspolitikk som truleg vil redusere sannsynet for markant NOK styrking framover.

Fiskebåt har sett på dei internasjonale marknadane for dei fem viktigaste artane våre torsk, sei, hyse, sild og makrell under eksportrekordåret 2019 for å finne eksportandelen i ulike valutaer for kvar art. Valutafordelinga for desse fem artane i 2019 har me så antatt, noko forenkla, som faste for heile perioden 2011 til 2020. Då kan vi isolere valutaeffektane for prisbiletet for kvar enkelt art, samt hensynta den generelle årlege prisauken i samfunnet på om lag 2 prosent (KPI).

Fallande fyrstehandsprisar for sei og sild i valuta

Fyrstehandsprisane i NOK frå 2011 til 2020 tyder på at det jamt over har vore prisvekst for torsk, hyse, makrell, medan sild og sei har ein pris som har låge meir eller mindre flat i perioden. Dersom me justera fyrstehandsprisen utifrå eksportmarknader per art (valuta) og generell prisvekst kan me simulere kva fyrstehandsprisen årleg burde ha vore utifrå utgangspunktet i 2011.

Funna viser i praksis store skilnader mellom artane. I perioden er det berre hyse og torsk som faktisk har hatt ein prisvekst i NOK som overstig justeringar for svakare krone og KPI. Svakare NOK og generell prisvekst bergar ei viss prisauke for makrell i NOK, medan den for sild og sei reddar eit potensielt prisfall i NOK. Dette betyr at den handelsvekta prisen i valuta justert for KPI for sei og sild faktisk er fallande i perioden (sjå graf).

For makrell meir eller mindre på same nivå, men stigande for hyse og særleg torsk. Prisutviklinga me har sett dei siste 10 åra kan difor for sild, sei og til dels makrell tilskrivast svakare NOK og generell prisvekst aleine. For torsk og hyse ser det lysare ut, med ein prisvekst som overskrid NOK svekkinga og generell prisvekst, og som dermed tyder på eit noko betre etterspurnadsbilete.

Svakare NOK kamuflera reell utvikling i villfiskomsetnaden

Dersom me for kvar art ser på årleg eksportverdiandel, justerer for valutaendringar og KPI, kan me finne ein felles årleg fyrstehandspris for desse fem artane samla sett. Då får me følgande tabell;

Den vekta fyrstehandsprisen for artane samla har stege 66 % i NOK frå 2011 til 2020. Me ser også at svakare NOK burde løfte fyrstehandsprisen 59 % aleine. Justert for generell prisvekst burde fyrstehandsprisen for desse artane vore 89 % høgare i 2020 samanlikna med 2011. Artane har dermed samla sett ikkje hatt ein prisvekst som overskrid både NOK svekking og generell prisvekst i perioden. Dei fem artane totalt har difor knapt sett reell prisvekst mellom 2011 og 2020.

Det tyder på at etterspurnadssida for villfisk totalt sett ikkje er like positiv som det kanskje har verka som i eksporttala. Kva skjer eksempelvis med fyrstehandsprisane om NOK uventa skulle styrke seg 10 % framover? Med ei forvaltning i retning av meir stabile kvoteråd ser me også ein svak tendens for enkelte artar at fyrstehandsprisen etter kvart samvariera meir med valuta enn kvotar. Sånne betraktningar kan vere greitt å ha i bakhovudet.

Reell prisvekst i berre to av ti år

I praksis har desse fem artane berre opplevd reell prisvekst i valuta i 2019 samanlikna med utgangspunktet frå 2011 (sjå graf). Ekskludera me KPI så ser me prisvekst i valuta i 2018 og 2019. Reell prisvekst i valuta for berre to av ti år bør vere rimeleg overraskande med tanke på at perioden har bydd på stadige eksportrekordar for villfisk. Mellom 2011 og 2020 er det difor vanskeleg å argumentere for at prisveksten i NOK har vore særskilt etterspurnadsdriven.

Den framstår meir som eit resultat av betydeleg betra konkurranseevne ovanfor utlandet i form av markant svakare NOK, samt generell prisauke i samfunnet elles. Eit eventuelt ytterlegare løft i fyrstehandsprisane framover bør nok kome som resultat av eit løft i etterspurnaden snarare enn å belage seg på ytterlegare NOK svekking. Handelsvekta NOK svekking på 59 % for desse fem artane totalt på 9 år er noko mot normalt som Leif Juster sa det.

Korona og nye klimarapportar har betra etterspurnadssida

Det positive er at så langt i 2021 ser me auka volum, og stigande prisar for dei fleste artar i eksportstatistikken. 2021 er uansett eit unntaksår – eit gjeninnhentingsår etter korona – så eit betre bilete på korleis framtida eventuelt vil utvikle seg vil me truleg ikkje sjå før ved utgangen av 2022.

Det er uansett grunn til å håpe på at korona og nye publiserte klimarapportar kan bidra til eit visst positivt paradigmeskift i etterspurnaden etter norsk villfisk framover. Enkelte ting tyder faktisk litt på det. Det vil løfte prisane ytterlegare for dei fleste artane i 2022, rimeleg uavhengig av valuta og av kvotar.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!