Teologisk rasjonell argumentasjon er handverket for ein teologs arbeid med å fortolke møtet mellom tekst og samtid slik at ny praksis kan vekse fram. Det er rystande, men godt at ukulturen vert avslørt, og vonleg vert det slutt på privilegium og avtaler for å unngå samhandling med kvinner som er prestar.

Kvinner i generasjonen føre sette seg i benken for ikkje å støte kvinneprestmotstandarar. Nokre tolka dette som fromt og fint, medan mange opplevde det som eit svik at dei ikkje fekk stå skulder ved skulder. Forkøyrsretten til å benke kvinner har vore forbi i mange år, men fyrst no får det konsekvensar i vest.

Austnes meiner der går ein hierarkisk struktur frå Kristus til mannen som leiar av kyrkja og familien, og at dette ekskluderer kvinner frå leiaransvar. Dette argumentet har alltid sett spørsmålet om kvinners presteteneste i ein skvis, fordi det blir brukt både i frikyrkjelege miljø og av høgkyrkjelege inspirert av hierarkiske kyrkjesamfunn. Underordning var samfunnsordning på Paulus tid, som medførte at kvinner skulle dekke hovudet, tie, var ureine når dei menstruerte og måtte sitte adskilt frå menn.

Men vi som vil vere skrift-tru kjem ikkje utanom at den same Paulus beskriv at i Kristus var det ei ny ordning som skilde seg frå samfunnet elles: her skil ein ikkje mellom etnisitet: jøde eller grekar, kjønn: verken kvinne eller mann, eller status: verken slave eller fri. Dagens likeverd har djupe røter i kristen tru. Paulus støttar kvinner som forkynte og leia kyrkjelydar, i linje frå Maria Magdalena som vart kalla apostlane sin apostel til kvinnelege dommarar og dronningar som leia og rettleia folket. Johanna, Maria og Salome er disiplar, og kvinner var dei fyrste augevitna oppstodedagen. Jesu måte å møte og røre ved kvinners liv på, er bodskap som framleis har kraft til frigjerande livstolking og forvandling.

Bibelen er vedunderleg samansett, og den som les vil finne kor maktkritisk den er. Jesus er rasande på dei som dytter småborn bort. Han inkluderer sjuke, ureine og fattige, og har åndelege samtaler med kvinner som er stigmatiserte.

Paulus skriv verken systematisk teologi eller kyrkjeordning, men rettleiande brev inn i kontekster. Slik grunnlegg han eit teologisk handverk som gjev evangeliet relevans ved at det fungere frigjerande inn i ulike menneskeliv, tider og kontekster. Dette er evangeliets varemerke; at det ikkje går ut på dato, men er god, verksam og berekraftig bodskap som kan fortolkast inn i ulike tider med ulike samfunnsforhold.

Men i Austnes sin teologiske argumentasjon kan det høyrast ut som Gud sluttar å virke dersom ein ikkje bevarer mannlege hierarkiske strukturar. Då vil eg spør tilbake, kva skal vi med teologi som ikkje er verksam i vår samtid, men framstiller at Gud sit furten att ein stad i historia? Jesus synte ramsalt religionskritikk når han sa; «de har hørt det er sagt, men eg seier dykk». Difor har menneske tatt nødvendige oppgjer med praksis og strukturar som undertrykker mennesker, og det er djup kristen nestekjærleikspraksis. Difor driv vi ikkje lenger med heksebrenning, slavehandel, teokrati osb., og har slutta å tenke at idrett, dansing og leppestift er «synd».

For teologi som ikkje samtalar konstruktivt og kritisk med si tid for å skape ny praksis, den står i fare for å skape ufridom, hierarki og sosial kontroll som hindrar evangeliet om livsens Gud å vere frigjerande og verksam kraft i historia.

Vår samtid har ideal om likeverd og arbeidande kvinner i generasjonar. Kanskje er tida inne for å gje slepp på haldninga om at kvinner skal vere spart for enkelte yrke? Å vere prest er eit tøft yrke, men det er ingenting som tilseier at kvinner er mindre rusta til sårbarheit, smerte og utfordring. Pioneren Ingrid Bjerkaas fekk si overtyding i prestekallet då ho sat fengsla på Grini under krigen. Ho måtte forkynne om lyset, midt imot det mørke og den avvisning ho møtte. På same vis som Noreg treng kvinners arbeidskraft for å halde oppe velferd og eit tenleg samfunn, treng kyrkja kvinners arbeidskraft. Det er eit stort ansvar å argumentere for å helst ta ut 30 % av sine kollegaer.

Med kvinner i presteyrket ser det ut til at enkelte finn teologisk legitimitet til å drøyme seg til farne tider eller andre kyrkjesamfunn. Det språksett ei anna utfordring; at kvinner som religiøse leiarar framleis er eit tabu. Sidan forteljinga om Adam og Eva, har det vore lett å skamme kvinner med narrativer som framstiller henne som kroppsleg, emosjonell og litt utilrekneleg, og mannen som rasjonell og handlekraftig. For om Gud er mann, er det guddommelege atterhaldet menn.

Å vere skapt i Guds bilete og sett fri, er derimot bodskap til alle. Men mange tenker diverre at slepp vi kvinner til, kjem også dei homofile, eller andre ein må dele privilegium med. Menn med makt er ikkje ein minoritet verken lokalt, nasjonalt eller globalt. Same kor marginaliserte Johanneskretsen med støttespelarar prøver å framstå, er det å snu saka på hovudet. Ingen hindrar dei å stå i teneste, vi ønsker dei velkomne, men dei må gje slepp på privilegium og tole å vere i lag med kvinner. Om fleire i brorskapen Johanneskretsen planlegg avgang, er det grunn til å frykte skamming og aggresjon mot kvinner som ofte kjem i kjølvatnet.

I løpet av mi studietid endra dåverande biskop Odd Bondevik sitt syn på kvinners presteteneste. Sjølv om eg møtte til ordinasjonssamtalen med ein viss skepsis, lærte han meg at ein god teolog alltid er prinsipielt open for å skifte overtyding dersom argumenta er gode nok. Godt teologisk handverk er langt meir samansett enn å ta enkeltsitat frå Bibelen å slå kvarandre i hovudet med.

I luthersk tradisjon er det dåpen og trua som kallar til presteteneste, ikkje mannleg hierarki. Haugerørsla fornya denne arven slik at lekfolk og kvinner slapp til, med framvekst av demokratisk kyrkjestyre og eit myndig lekfolk. Kyrkja har plass til eit mangfald og vi kan skape rom for kvarandre utan boikott, undre oss i lag, reflektere over praksis, verdsette meiningsbrytningar og etterpå samlast til å bryte brødet saman. Så la oss stå saman skulder ved skulder i ei levande, heilag og alminneleg folkekyrkje.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!